Utsendinga av 10 år gamle Shaimaa var starten på ei sak som har sett statsministeren i forlegenheit og gjort at justisministeren no må møta til høyring på Stortinget.

mm

Klokka 05 om morgonen 11. november ventar seks politifolk utanfor heimen til Shaimaa (10) i Lillesand. Ho og familien hennar skal bli sendt ut av landet. Kommentator i Bergens Tidende Frøy Gudbrandsen har fått lov til å bli med på utsendinga. Familien er ikkje heime denne natta, så politiet må møta på skulen nokre timar seinare og henta Shaimaa ut frå klasserommet.

Frøy Gudbrandsen er med i minibussen med gitter som køyrer dei til Trandum, siste stoppestad før flyet tilbake til Midtausten. Det er ei rimeleg dyster stemning i den nedlagte militærleiren med piggtrådgjerde. På vegen snakkar Shaimaa om at ho kanskje skulle få plass på turn etter jul – men korleis skal det bli med turn no når ho skal til Jemen?

– Eg har jobba på asylmottak tidlegare og jobba som forskar på innvandringspolitikk, og var godt førebudd. Men det er klart dette var sterkt, seier Gudbrandsen. BT-kommentatoren har tatt doktorgraden sin på norsk innvandringspolitikk.

– Det handlar ikkje berre om asylborn, det handlar òg om politifolka som gjer denne jobben. Eg ville skriva om korleis politiet handterer desse sakene. Fleire av betjentane seier at det er det vanskelegaste dei gjer i jobben deira.

LES OGSÅ: Ny rekord i tvangsutsendingar

Inn på teppet

Artikkelen om utsendinga av Shaimaa var starten på ei sak som har rulla og gått sidan.

2. desember avslører Bergens Tidende at styringsinstruksen frå justisministeren om ikkje lenger å prioritera utsending av lengeverande asylbarn, aldri nådde Politiets utlendingseining. Justisminister Anders Anundsen (Frp) sende ut nesten fire gonger fleire asylbarn i 2014 enn Grete Faremo (Ap) gjorde i 2013.

Høgre og Frp blei etter valet i 2013 samde med KrF og Venstre om ei oppmjuking av regelverket for asylborn som har vore lenge i landet. Men medan ein jobba med å laga nye reglar, så har politiet sett opp farten med å senda ut barnefamiliar frå landet. Rekordmange lengeverande born blei sendt ut. Justisministeren blei jamleg halden orientert om talet på utsendingar.

– Viss Anundsen hadde meint politikkendringa, så hadde han skjønt at noko var gale, seier Frøy Gudbrandsen.

Både statsministeren og justisministeren måtte forklara seg i Stortinget.

– KrF og Venstre var dritsure.

Anundsen blei hasteinnkalla til Stortinget. Der trefte han på BT og sa at det «ikkje var meininga å tømma lageret av asylbarn». Sidan har ikkje avisa fått høve til å intervjua han fleire gonger.

Berre tre dagar etter avsløringa blei regjeringa samde med samarbeidspartia om ei ny forskrift. Frøy Gudbrandsen er temmeleg sikker på at Saimaa hadde fått vera i Noreg med dei nye reglane, men trur ikkje ho får koma tilbake frå Jemen no.

13. januar skreiv Bergens Tidende at det ressurskrevjande arbeidet med å senda ut kriminelle asylsøkarar blei nedprioritert, samtidig som ein prioriterte å senda ut fleire born. Den politiske leiinga i Justisdepartementet tilbakeviser dette og seier dei ikkje kjenner seg igjen i tala. Seinare same dag blei Kontroll- og konstitusjonskomiteen samde om å kalla justisministeren til ei open høyring om saka.

LES OGSÅ: Redd Barna: ­– Inhumant og kynisk

– Ein siger for journalistikken
Sist fredag var Frøy Gudbrandsen på Høgskolen Stord/Haugesund for å fortelja om korleis Bergens Tidende har jobba med saka.

– Saka er ein siger for journalistikken, seier Alf Aronsen, programansvarleg for Samtidsdagane ved høgskulen.

– Eg har aldri opplevd liknande tilbakemeldingar som eg har fått i denne saka tidlegare, seier Gudbrandsen. Ho har no vore fast tilsett kommentator i Bergens Tidende i to år.

Saka er blant dei heitaste kandidatane til SKUP-prisen i år, den viktigaste prisen for gravande journalistikk i Noreg.

– Me leverte inn metoderapport sist veke. Det blir spennande, seier Frøy Gudbrandsen. Totalt har ti BT-journalistar jobba med saka, nokon av dei meir enn andre.

– Me merka at det var krevjande å fortelja historia, seier Gudbrandsen. Derfor bestemte Bergens Tidende seg for å skriva om alle dei 76 borna som blei sendt ut frå januar til oktober i 2014 – samtidig som dei heldt fram med å skriva om kva som hadde skjedd i politiet og regjeringskontora.

LES OGSÅ: Skjerpar innvandringspolitikken

– Ikkje aktivisme
Gudbrandsen fortel at mange aktivistar har opplevd Bergens Tidende som aktivistiske i saka, men tilbakeviser at avisa har hatt dét som eit mål. Ho opna føredraget sitt med å visa til at mange av borna som har vore i fleire år på asylmottak har vore der på grunn av at foreldra har gjort det dei kan for å sabotera tvangsretur.

– Men det at foreldra har gjort noko galt, gjer ikkje at ein ikkje treng ha sympati med desse borna, held Gudbrandsen fram. Ho legg til at det er gode argument for ein streng innvandringspolitikk.

– Ofte er det farlegaste for dei som dreg å kryssa Middelhavet – for dei som ikkje er flyktningar, så er det farlegare enn å vera i heimlandet sitt. Gjer ein det enklare å få opphald, kan det vera at fleire utset seg for fare.

Frøy Gudbrandsen trur ikkje Anundsen lever farleg som justisminister. Han vil neppe mista taburetten.

– Men saka er ikkje over enno, understrekar ho.

Frøy Gudbrandsen fortalde studentar og tilsette ved HSH om korleis Bergens Tidende har jobba med asylbarn-saka. Foto: Svein Ove Eikenes, HSH

LES OGSÅ: Meir innvandring med Frp

Sykkelforbod
Og korleis gjekk det med Shaimaa?

Ho bur no i Jemen med familien. Dei hadde berre tusen kroner då dei kom til landet, men har fått låna eit hus og fått økonomisk hjelp frå vener.

Shaimaa er opprørt over at det forbode for jenter å sykla i landet.

– Det er veldig stygt her, og veldig fint i Noreg, sa ho til BT då frilansaren Raymond Lidal besøkte ho før jul.

Sjå videoreportasjen om vegen ut av Noreg for Shaimaa:

QUIZ:Kva veit du om innvandring til Noreg?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE