Ny rekord i tvangsutsendingar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I første halvår i år har politiet dagleg sendt 18 personar utan lovleg opphald i Noreg ut av landet med tvang. Det er ein auke frå 13 personar dagleg i same periode i fjor.

Politiets utlendingseining har intensivert arbeidet med å sende utlendingar utan opphaldsløyve ut av Noreg. I første halvår i år vart det sendt ut 3.167 personar med tvang. 1.237 av desse var straffedømte, skriv Dagbladet.

LES OGSÅ: Rusa på livet

Målet er at 7.100 personar skal tvangsreturnerast i året.

– Vi er på det høgste måltalet vårt nokon gong, det er ein villa politikk frå regjeringa, seier sjefen for Politiets utlendingseining, Kristin Ottesen Kvigne, til Dagbladet.

LES OGSÅ: Nordmenn lever 31 år lengre