For første gong sjekkar Lånekassen alle studentar som seier dei bur borte frå foreldra, men studerer så nær at dei kunne budd heime. 

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

– Å jukse til seg stipend kan få alvorlege konsekvensar, seier administrerande direktør i Lånekassen.

Tidlegare har Lånekassen berre gjort stikkprøvekontrollar der rundt tusen studentar har vorte plukka ut. Dette er første gong alle dei 50.000 studentane dette gjeld, må sende inn ein kopi av leigekontrakten eller ei stadfesting som viser at dei eig leilegheita dei bur i.

LES OGSÅ: Studentar svindlar Lånekassa for millionar

– Dei tidlegare kontrollane våre har vist at enkelte oppgir at dei er bortebuarar utan å vere det. Vi får også inn tips om studentar som juksar med dette, fortel administrerande direktør Marianne Andreassen i Lånekassen.

Sidan studentar ikkje pliktar å melde flytting til folkeregisteret er ordninga basert på tillit. Men å gi opp til Lånekassen at ein er bortebuar utan å vere det kan få store konsekvensar for den enkelte student.

– Å jukse til seg stipend ein ikkje har rett til er alvorleg misbruk av samfunnets velferdsgode.

Studentane kan i dei alvorlegaste tilfella miste retten til utdanningsstøtte for alltid, og dermed ikkje få gjennomført den utdanninga dei hadde planlagt. Dokumentfalsk, eller forsøk på dokumentfalsk, vil bli politimeldt, seier Andreassen. (©NPK)

LES OGSÅ: Student utan lånekasse

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE