Ottar Grepstad har kartlagt språkmuseum i heile verda, og fann ingen som var eldre enn sitt eige.

– Ivar Aasen-tunet i Ørsta er det eldste språkmuseet i verda. Det blei opna i 1898 som eit museum over Aasens liv og verk, og blei i 2000 omforma til det moderne Ivas Aasen-tunet, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding.

I kartleggingq hans over språkmuseum i verda har han fumme 58, men ingen er eldre enn Aasen-tunet. Bak Aasen-tunet kjem Gutenberg-museet i Mainz (1900) og eit museum for ordbokforfattaren Samuel Johnson i London (1914)

LES OGSÅ: Er du årets nynorskbrukar?

Mange nye museum
I kartlegginga til Grepstad syner det seg at to av tre språkmuseum ligg i Europa, og at fire av ti er etablert etter 1990. Det fortel mykje om korleis språkpolitikken har utvikla seg, meiner Grepstad.

– Me har vist at tenking om språk og språkpolitisk praksis har endra seg i mange land og verdsdelar dei siste 25 åra. Å lage språkmuseum er ein del av dette, og slik er det også med mange av dei dagane for språk som blir feira verda rundt, seier Grepstad i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Fjoråret var godt for nynorsk kultursentrum

– Visste at Aasen var før si tid
Gaute Øvereng, dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, er stolt over at språkmuseet han styrer er eldst i verda.

– Me visste at Ivar Aasen var før si tid, og at dette er det eldste personmuseet i Noreg og det einaste språkmuseet i Norden. Me vart overraska då det viste seg at me også er eldst i verda, seier Øvereng.

Seinare denne vinteren inviterer Nynorsk kultursentrum alle språkmusea dei har vore i kontakt med til å bli med i eit globalt nettverk, står det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Krev svar på nynorskdumping

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE