Synleg rusa damer får lettare alkoholservering enn menn i same tilstand.

NPK
NPK

Over fleire år har skodespelarar spelt fulle på utestader i Oslo, Bergen og Trondheim. Det har dei gjort på oppdrag frå forskarar ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS), som evaluerer førebyggjande tiltak mot overskjenking.

Til saman har dette gitt eit datamateriale med 425 forsøk på kjøp, sidan første bytur i Trondheim i 2004. Alkohol vart servert i 82 prosent av det totale talet på kjøpsforsøk.

Medan kvinnene fekk servering i 88 prosent av tilfella, fekk mennene alkohol i 77 prosent av kjøpsforsøka.

Burde blitt nekta
Fordi skodespelarane stod fram som openbert påverka, skulle dei etter alkohollova blitt nekta servering og utvist frå skjenkestaden

Overskjenking skjedde i 95 prosent av tilfella viss den som spelte full var kvinne, og når den aktuelle utestaden i tillegg skåra høgt på indikatorar for problematiske barar, det vil seie dunkel belysning, høg musikk, i tillegg til høgt rusnivå blant andre gjester.

LES OGSÅ:  – Det skal lite til før borna merkar det

Når baren skåra lågt på indikatorane og kjøparen var mann, blei det servert alkohol i 67 prosent av kjøpsforsøka. Kor fulle dei andre gjestene var, musikkvolumet og lysnivået var fakturer som bestemte skåren til baren.

Gjekk i par
Skodespelarane gjekk alltid ut i par der berre den eine spelte rusa, for å forsterke biletet av kor full vedkommande var. Dei veksla mellom par av likt og ulikt kjønn.

Medan kvinnene fekk servering i 88 prosent av tilfella, fekk mennene alkohol i 77 prosent av kjøpsforsøka. I denne typen studiar er det ikkje vanleg å bruke kvinner, så dette er eit funn dei norske forskarane er først ute med, skriv SIRUS på nettsidene sine.

LES OGSÅ: Få har helsegevinst av alkohol

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE