Er du årets nynorskbrukar?
No leitar Nynorsk kultursentrum etter kandidatar til prisen «Årets nynorskbrukar 2015». – Den fremste nynorskprisen, seier direktør Ottar Grepstad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nynorsk kultursentrum deler ut prisen kvart år under Dei nynorske festspela. No leitar dei etter gode kandidatar til årets pris.
– Dette er den fremste nynorskprisen og ein av dei få som dekkjer alle samfunnsområde, seier direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, i ei pressemelding.
LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk i Donald Duck!
Alle kan foreslå kandidatar
Nytt for året er at alle kan foreslå kandidatar til prisen.
– Vi har ei god liste med kandidatar frå år til år, men ein så viktig pris bør fleire få ta del i ved å fremje kandidatar med korte grunngivingar, seier Grepstad.
Fristen for å senda inn kandidatar er sett til 10. februar. Prisen blir først og fremst gitt for viktig innsats dei siste åra, heiter det i pressemeldinga.
I fjor fekk Odd og Aasmund Nordstoga prisen, året før gjekk æra til Gunnar Skirbekk, og i 2012 delte Ingvild Bryn og Arill Riise prisen.
LES OGSÅ: Krev svar på nynorskdumping