Forbodet frå forlaget er for å ikkje fornærma jødar og muslimar, men blir kalla ein vits.

London Evening Standard melder at forfattarane av skulebøker for forlaget Oxford University Press (OUP), ein av dei største av sitt slag i Storbritannia, har fått beskjed om å unngå å nemna grisar, og alle referansar til svinekjøt i sine bøker.

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor

– Ein vits
OUP sitt forbod vart avdekka av programleiaren for Today Programme på BBC, Jim Naughtie, som trekk fram eit brev frå forlaget, der «grisar, pluss alt som kan bli oppfatta som svin» ikkje blir tillete av forlaget. Brevet skal ha blitt sendt til kona til Naughtie, forfattaren Eleanor Updale.

– Om eit respektabel forlag knytt til ein akademisk institusjon seier du må skriva ei bok der du ikkje kan nemna grisar fordi nokre menneskjer kan bli fornærma, er berre latterleg. Det er berre ein vits, sa Naughtie.

LES OGSÅ: Difor vinn alltid penn over våpen

– Trekk diskusjonen ned
Labour-politikaren Khalid Mahmood, som er muslim, sa til Daily Mail at han var einig med Naughtie i at dette forbodet er latterleg.

– Det er berre vås. Og når folk går for langt, trekk det heile diskusjonen i vanry, sa Mahmood.

OUP sjølv seier at sidan lærebøkene deira blir utgitt i over 150 land, må dei ta hensyn til ei lang rekkje kulturelle skilnader.

– Dei redaksjonelle retningslinjene våre er slik for å sikra at ressursane me produserer kan bli brukt av eit breiast mogleg publikum, sa talsmannen til Daily Mail.

LES OGSÅ: Mummitroll og øksedrap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE