Mummitroll og øksedrap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2014 går mot slutten og skal snart vekslast inn i eit nytt år, med nye moglegheiter.

Nokon har lese mykje i året som har gått, medan andre kanskje har som nyttårsforsett å lesa meir.

Me har spurt nokon av Noregs mest populære forfattarar: «Kva var den beste boka – ny eller gamal – du las i år?»

Kanskje finn du inspirasjon til neste år lesareventyr.

LES OGSÅ: Storsatsing på «Vaffelhjarte» som teater

TrollvinterMariaParrtips

Evigunge Mummi
Barnebokforfattar Maria Parr kan med rette kalle norsk og især nynorsk barnelitteraturs superstjerne. Historiene om Trille og Lena i «Vaffelhjarte» og Tonje Glimmerdalerobrar stadig nye scener og språk.

Sjølv trekk ho fram både alvor og ei gamal barnebokheltinne.

– Eg trur eg må seie to, ei ny og ei gammal. «Sju dagar i august»av Brit Blidøen gjorde veldig inntrykk og sette i sving mange tankar. Og så har eg lese mykje Tove Jansson i år og «Trollvinter», boka der Mummitrollet vaknar av vinterdvalen og brått må hanskast med sjølvaste vinteren heilt aleine, står i ei særstilling, svarar barnebokheltinna frå Vanylven.

Tove Jansson har både skrive og illustrert bøkene om Mummitrollet, som Maria Parr set pris på. Omslag: Tove Jansson, Rabén & Sjögren forlag

LES OGSÅ:Nynorske bøker populære utanlands

Sveen

Historier om livet
Lars Petter Sveen skreiv sjølv ei av årets mest kritikarroste bøker, «Guds barn», som skildrar dei gamle bibelhistoriene på ein frisk litterær måte.

Sjølv trekk han fram britiske Kate Atkinson sin «Liv etter liv», omsett til norsk i 2014, som årets beste lesaroppleving.

– Atkinsons roman om Ursula og familien hennes er ein roman som opnar opp for kva ein roman kan vere. Boka er på same tid tradisjonell og nyskapande. Ved å la hovedkarakteren dø og komme til liv igjen, gong på gong, greier Atkinson å seie noko om kven vi menneske er og korleis vi lev i fellesskap med kvarandre. Liv etter liv er ikkje ein roman som prøver å likne på livet, han er heller eit kunstverk som utforskar kor mykje kunsten kan ta opp i seg, kor mykje det er plass til i ein roman. Og Atkinson mister aldri av syne historia ho prøver å fortelle. Dette er noko å strekke seg etter for meg som forfattar.

Lars Petter Sveen meiner Kate Atkinson er ein forfattar å strekka seg etter. Foto: Andrea Nøttveit

LES OGSÅ: Den nye gamle historia

Krigens redsler
Aina Basso er historikaren som evnar å skape historiar i tørre faktalandskap. I år gav ho ut tredjeboka «Finne ly». Ikkje overraskande er det historisk sus, òg over hennar beste lesaroppleving.

– Boka som har gjort aller sterkast inntrykk på meg i år, er ei bok eg las nokså seint på året og som kom ut i 1929, nemleg «Intet nytt fra Vestfronten»av Erich Maria Remarque, som handlar om den brutale første verdskrigen og dei unge gutane som meiningslaust mista livet før det eigentleg fekk byrje. Eg var pasifist før eg las denne boka, og blei ikkje mindre overtydd etterpå. Skakande lesnad. Underleg nøkterne skildringar av all valden og plutselege vakre, poetiske landskapsbilete, og skildringar av det sterke venskapet mellom unge menn som kjempar mot døden som snart skal kome for dei aller fleste.  

LES OGSÅ: Dei gjev aldri opp

Ei von for novellene
Novellemeister Frode Grytten gav i år ut ekstremversjonen av sjangeren sin. I «Vente på fuglen»samla han sine beste «twitternoveller», som vart gitt ut på Kagge forlag. Sjølv slår han eit slag for heimesjangeren og dreg fram Mikkel Bugge si novellesamling «Tauet».

– Kanskje ikkje den aller beste boka eg har lese i år, men eg vil slå eit slag for Bugge sine noveller. Han er oppfinnsam, vittig og nyskapande. Det er von for novellesjangeren med utøvarar som Bugge. 

LES OGSÅ: Vilt og uendeleg interessant

Konfirmantgåva
Humordronning Agnes Ravatn opna året med å få P2-lytternes romanpris for «Fugletribunalet»utgitt i 2013 og pakka Dag og Tid-serien «Oppdrag Sjølvdisiplin»inn mellom to permar. Men kva les ho, når ho ikkje les sjølvhjelpsbøker?

– I ein elles sterk romanhaust vil eg trekke fram noko eldgammalt, nemleg «Islendingesogene»,som kom i ny, samla utgåve på Saga forlag i år, og som eg har ligge på sofaen og kosa meg med i haust. Øksedrap og skaldekunst over ein låg sko, den perfekte gåva til vårens konfirmant! tipsar Ravatn.

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nett-trolla

Hjorth er Hjorth
Ragnar Hovland har – i likheit med Frode Grytten – nyleg gjort suksess med ei nyskapande bokutgjeving. I fjor gav Samlaget ut «Frå Ragnar til alle – E-post i utval». Ei samling av underfundige fellesmeldingar frå forfattaren sjølv.

Sjølv påstår Hovland at han har lese få bøker i år, men klarar likevel å dra tre favorittar opp av hatten.

–Eg trur at Torgny Lindgrens«Klingsor»er den eg har hatt mest glede av. Tett følgt av Brit Bildøens «Sju dagar i august»og Vigdis Hjorths «Et norsk hus». Lindgren er ein merkeleg forfattar, han skriv om så interessante ting og så interessante folk og han veit tilsynelatande så mykje. Men først og fremst er det språket hans, dei rare setningane, humoren og den nesten usynlege ironien, avsluttar Hovland.