Religiøs overtyding er ikkje lenger grunn til fritak, har Fylkesmannen bestemt.

mm

I fleire år har Samkom skole og Vennesla ungdomsskole gitt ei gruppe elevar fritak frå undervisninga i IKT. Men no er det slutt, sjølv om tre familiar har søkt både Vennesla kommune og Fylkesmannen i Vest-Agder om fritak for borna sine, skriv Vennesla Tidende.

Foreldra skriv i klagebrevet til Fylkesmannen at dei ser på tv, IKT og internett som det som i Bibelen blir skildra som «Dyret» i Johannes Openberring. Difor vil dei verna borna sine mot dette.

LES OGSÅ:Dataspel gir søkarboom

– Du kan få fritak frå undervisninga dersom kunnskapsmålet kan bli lært på ein annan måte. Dette kan du be om ut ifrå religiøs overtyding. Men i dette tilfellet er det ingen veg utanom, seier seniorrådgjevar ved Fylkesmannens utdannings- og barnevernsavdeling, Maiken Messel til Vårt Land.

I avslagsbrevet sitt skriv Fylkesmannen at kompetansemåla i fjerde trinn seier at «eleven skal kunne bruke digitale verktøy» og i mate­matikk skal elevane «kunne lese av, plassere og beskrive posisjoner i ­rutenett, på kart og i koordinatsystem, både med og uten digitale verktøy.»

Fylkesmannen avviser at heimeundervising utan opplæring i IKT kan vera eit alternativ.

LES OGSÅ:Zombiespel i klasserommet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE