Råd for unge arbeidssøkarar: – Vis initiativ!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Råd for arbeidssøkarar

Artikkelen var først hos Avisa Nordhordland

Kven kunne ikkje tenke seg noko ved sidan av skulen? Ein får jo både tent eigne pengar og nyttig erfaring. Likevel, like lett er det ikkje alltid, og det er mykje å vere usikker på. Vi har snakka med både elevar og butikksjefar og spurd dei om emnet.

Martine S. Bruvik på 18 år fortel at ho fekk jobb på sjukeheim gjennom utplassering på skulen.

LES OGSÅ: Ventar auka arbeidsløyse

– Vis interesse
– For å få jobb kan det vere lurt å vise at ein er interessert og sjølv seie at du kan komme på intervju, seier ho.

Eit tips er å snakke med sjefen for arbeidsplassen og levere ein søknad, ein idé er å ha med eit bilde. 

– I tillegg kan det og vere lurt å sende søknad til fleire stader, fortel ho.

Malin C. Olsen på 17 går på studiespesialiserande og har prøvd å søke, men tykker det er vanskeleg. 

– Mi erfaring er at det er vanskeleg å finna jobb når ein er under 18. Til og med jobbar som ikkje krev mykje, som å sette på plass varer og liknande, kan vere vanskeleg å få, fortel ho.

LES OGSÅ: Hugs at du har rettar

– Bra dei tek initiativ
– Etter mi meining, så er det ikkje noko forskjell om ein 17-åring hadde gjort den jobben, enn om ein 18-åring hadde gjort den, seier ho.

– Er det andre ting enn alder som gjer det vanskeleg?

– Erfaring. Mange krev at ein har erfaring frå tidlegare, seier ho.

Likevel, fleire av butikksjefane vi har snakka med positive til ungdom.

– Vi har mykje erfaring med ungdom, særleg i forbindelse med OD-dag og arbeidsveke på skulen. Vi har og nokon som er ringehjelp. Det positive med ungdom er at dei er nysgjerrige, positive og interesserte i å tileigne seg kunnskap. Det er og bra at dei tar initiativ, seier Linn Olsen på Mani i Knarvik. 

Tommy Aalen, butikksjef på Meny, har mykje erfaring med ungdom.

LES OGSÅ: Difor bør studentane bruka Twitter

Saknar pågangen
– Ungdom utgjer ein stor del av vår arbeidsstokk. Det passar bra for dei som ikkje vil jobbe fulltid, men kan jobba eit par dagar i veka. Dei utfyller godt dei som er eldre, sidan det passar betre for unge å jobbe i helgar og i feriar. Sånn sett er vi avhengige av at ungdom jobbar her, dei er ein kjemperessurs, seier han.

– Kva ser du etter i søkarar?

– Vi ser etter ein høfleg person, ein som er litt på og viser initiativ. Men det er heilt ok å vere litt sjenert. Elles ser eg etter ein oppegåande person. 

– Er det stor pågang? 

– Ja, til tider. Men ikkje så stor som ein skulle trudd, med tanke på at det er så mange skular i nærleiken. Alle er uansett velkomne til å prøve seg, avsluttar han.

LES OGSÅ: Iben (18) takkar NAV