Kommunen sin økonomi må vika for foreldra sin rett til å velja skule for borna sine.

Anders Totland, Bladet Sunnhordland
Anders Totland, Bladet Sunnhordland

Etter fleire års kamp, har Stord Kristne Skule endeleg vunne fram med ynskjet om å starta ein kristen skule på Stord. Lenge såg det ut til at planane skulle stoppast av kommunen sin økonomi, men ein slik lagnad har no Kunnskapsdepartementet sett ned foten for.

– Det var dette me håpte på, og me synest dei har gjeve eit godt svar på søknaden vår, når dei seier at Stord kommune ikkje har tungtvegande grunnar til at me ikkje skal få starta privatskule, seier styreleiar Geir Martin Økland i Stord Kristne Skule As.

LES OGSÅ: – Tilset datakyndige 16-åringar

Kommuneøkonomi
I uttalen sin til søknaden, argumenterte Stord kommune med at ein privatskule ville føra til mindre føreseielege rammer for den offentlege skulen, fordi det ville bli vanskelegare å vita kor mange elevar som ville komma til kvar skule framover. Saman med den økonomiske stoda til kommunen, var dette nok til at Utdanningsdirektoratet sa nei til søknaden om å starta privatskule.

Økland klaga på vedtaket, og viste mellom anna til ein artikkel i Sunnhordland, der varaordførar Leif-Steinar Alfsvåg (KrF) sa at kommunen sin økonomi har betra seg, og at ein difor burde vurdera saka på ny. Dette blir ikkje vektlagt av departementet. Det blir heller ikkje den prinsipielle klagen mot at kommuneøkonomien skal setja stoppar for privatskuleplanar. Ifølgje departementet er det i tråd med reglane at eit slik element blir ein del av heilskapsvurderinga.

LES OGSÅ: Vil ha elevane ut

Må finna pengar
Kunnskapsdepartementet har likevel konkludert med at Stord Kristne Skule skal få starta opp på Stord, med inntil 150 elevar. I vedtaket heiter det at kommunen ikkje «i tilstrekkelig grad har sannsynliggjort at en godkjenning av en privat skole vil h negative konsekvenser for den offentlige skolen. Stord kommune har heller ikke godtgjort andre negative konsekvenser en eventuell godkjenning av en privatskole vil kunna få».

Men sjølv om det formelle no er på plass, er det framleis eit stort arbeid som skal gjerast før ein ny, kristen skule kan stå klar på Stord.

LES OGSÅ: Kjempar vidare for kristen skule på Stord

– Med dette har me komme eit steg vidare, og me jobbar no med finansieringa. Me er i ferd med å kontakta ulike partar i samband med dette, seier Økland.

Tre år på seg
Aller helst ynskjer dei å komma innunder vengjene til ein av dei etablerte kristenskulane. På den måten vil dei også sikra ein viss tilgang til kapital, som trengst i oppstartsfasen.

– Me reknar med at me treng mellom ein halv og halvannan million kroner for å komma i mål med både utstyr og lokale, i tillegg til at me treng ein buffer for dei første åra, der me må rekna med at me går med underskot, seier Økland.

– Blir de klare til skulestart i haust?

– Det er sjølvsagt det me håpar på. Om det ikkje går, har me tre år på oss. Då må me ha minst 30 elevar før den perioden går ut, om me ikkje skal mista godkjenninga, seier Økland.

LES OGSÅ: Blir det Vestlands-universitet likevel?

Vil vera alternativ
Inkludert varamedlemmer er dei fem personar i styret til skulen. Organisasjonen har ikkje utspring frå noko konkret trussamfunn, men håpar å kunna vera eit tverrkyrkjeleg tilbod til kristne på Stord.

– Me ynskjer at det også skal bli ein skule der dei som ikkje er så kyrkjelydsvante kan kjenna seg heime, seier Økland som meiner det absolutt er behov for ein kristen skule på øya.

LES OGSÅ: Kristen skule til departementet

– Eg har tru på at alle tilbod bidreg til å gje eit rikare mangfald, og at det er positivt. Ein liten privatskule kan gje ei anna pedagogisk vinkling, og det kan også gje ungar ei tydeleg, kristen oppdraging og læring. Me vil ikkje kritisera den offentlege skulen, men det er ikkje tvil om at dette initiativet heng saman med den utviklinga me ser i dagens skule. Om utviklinga frå den gongen det var kristendomsundervisning til i dag held fram, vil definitivt behovet for ein kristen skule berre bli tydelegare og tydelegare, seier Økland.

LES OGSÅ: Skulebyråd har born på privatskule

– Lukke til!
Stord kommune hadde fleire argument mot at Stord Kristne Skule skulle få løyve til å starta opp. Når dei no får løyve likevel, seier rådmann Magnus Mjør at han også ser at ein privatskule kan vera positiv for lokalsamfunnet, noko dei også peika på i uttalen sin.

– Me ser jo at dette også kan vera eit nytt tilbod til innbyggjarane på Stord, og har ikkje anna å seia enn at me ynskjer dei lukke til, seier Mjør.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE