Har ikkje «gløymd» nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Møre-Nytt

Det seier ordførar Rune Hovde etter at leiar Terje Kjøde i Sunnmøre mållag retta kritikk mot nynorskarbeidet til Ørsta kommune.

– Det eg etterlyser no, er ei oppfølging av det gode arbeidet som vart sett i gang under Språkåret 2013. For meg personleg er det ein kjepphest at Ørsta må marknadsføre seg sjølv som nynorskens hovudstad, gjerne saman med Volda, sa Kjøde til Møre-Nytt torsdag.

Bakgrunn: – Ørsta har sove i timen

–Har ikkje gløymt nynorsk
Hovde avviser at kommunen har «gløymt» nynorsk etter Språkåret.

– Vi har ikkje sove i timen. Det kan hende vi var endå meir vakne og medvitne på dette området under Språkåret, og at 2014 vart meir eit normalår. Sjølv om språk er ein viktig del av Ørsta kommune, har vi mange andre oppgåver også. Desse må også få merksemd, seier ordføraren.

Han har likevel sans for ideen om å profilere Ørsta og Volda som nynorskens hovudstad.

– Nynorsk er ein heilt sentral del av identiteten til begge kommunane, og det er heilt naturleg å tenke på oss som nynorskens hovudstad. Sjølv om Førde kallar seg nynorskbyen, og andre brukar nynorsk til å profilere seg, er det ingen som kan ta frå oss historia nynorsken har her. Likevel får vi berre ein sjanse til å gjere ein slik framstøyt, og då må vi gjere det skikkeleg.

– Skulle Ørsta og Volda ende opp som éin kommune etter kommunereforma, kan det vere ein idé å profilere den nye kommunen som «nynorskens hovudstad», meiner Hovde.

LES OGSÅ: Språkdirektøren: – Ser ikkje så bra ut

Nynorskgate ein god idé
Han er glad for at mållaget følgjer med på språkarbeidet til kommunen.

– Eg ser Kjøde meiner vi skal vere språkvaktbikkje for fylkesmannen og staten. Det kan godt hende Ørsta, med den posisjonen vi har, bør ha eit ekstra fokus på dette. Men det er også bra at mållaget er vaktbikkje for oss, og passar på at vi gjer jobben vår. Vi treng slike påminningar for å halde språk langt framme i pannebrasken.

– Kva synest du om ideen til Kjøde om å døype om gågata til Ivar Aasen-gata, og gjere ho til ei «nynorskgate»?

– Ideen er god, men eg trur han skal få modne litt. Også her vil eg seie at dette er noko vi får berre ein sjanse til, og då kan vi ikkje gjere det halvvegs. Ein god idé må fyllast med godt og varig innhald.

LES OGSÅ: Jublar over framleis språkdelt skule