Benjamin-prisen til Uranienborg skule

Prisen blir delt ut av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen 26. januar.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei vann Benjaminprisen

Benjaminprisen, som blir delt ut kvart år til minne om drapet på Benjamin Hermansen i 2001, går i år til Uranienborg skule i Oslo. Prisen kjem frå Kunnskapsdepartementet, og blir administrert av Holocaustsenteret i samråd med Utdanningsdirektoratet. Prisen blir delt ut for solid arbeid mot rasisme og diskriminering, og skal minnast drapet på 15 år gamle Benjamin Hermansen, som vart utført av nynazistar.

LES OGSÅ: – Heidrar skular for antirasisme

– Utruleg stolt
Når prisen blir delt ut av Torbjørn Røe Isaksen (H) 26. januar, kjem ei fyldigare grunngjeving for at akkurat Uranienborg skule fekk prisen i år. No skriv Benjaminprisen at skulen får prisen for sitt solide og langvarige arbeid mot rasisme og diskriminering.

På skulen sine heimesider uttrykkjer rektor Randi Elisabeth Tallaksen glede over å vinna prisen.

– Eg er utruleg stolt på skulen sine vegne over å kunne fortelja at juryen var klart samrøystes på at Uranienborg skulle vinna prisen for 2014, skriv ho i eit brev til elevar og føresette. I brevet trekk ho og fram fleire stikkord som ho meiner gjer Uranienborg skule til ein verdig vinnar. Blant dei er at kampen mot rasisme og diskriminering er synleg i alle fellesskapsopplevingar og markeringar, og at elevane sjølv blir involvert i arbeidet.

LES OGSÅ: Moxnes til Pegida: – De er likare jihadistane enn de trur

– Støttar heilhjerta
Då det nærma seg påmeldingsfrist til prisen i fjor haust, gjekk kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ut og gav si fulle støtte til Benjaminprisen.

– Eg støttar heilhjerta opp under Benjaminprisen. Stadig hyppigare oppstår det motsetnader i Europa mellom majoritets- og minoritetsgrupper, sa Isaksen då.

Viktigheita av arbeid mot rasisme og diskriminering blir og ekstra tydeleg i desse dagar, med tanke på hendingane i Frankrike.

Brandengen skule i Drammen vann Benjaminprisen 2013.

LES OGSÅ: Difor vinn alltid penn over våpen