Heidrar skular for antirasisme

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier juryleiar for Benjaminprisen, Guri Hjeltnes. Ho oppmodar alle til å føreslå ein skule innan fristen 1. oktober.

Prisen vert kvart år delt ut til ein skule som utmerkar seg i arbeidet mot rasisme og diskriminering.

LES OGSÅ: Rettssinka Noreg

Alle er potensielle kandidatar
Hjeltnes seier i ei pressemelding at alle skular er potensielle kandidatar.

– Det er spanande å sjå at skular som seier at dei ikkje opplever store utfordringar knytt til rasisme og diskriminering, satsar aktivt og eksplisitt på slikt arbeid. Dei ser på førebygging av fordommar som ein del av sitt samfunnsansvar og ein del av skulens oppgåve i å ruste elevane til morgondagens samfunn.

I fjor var skular frå heile landet nominert. Med ulik geografisk plassering følgjer ulike uttrykk for rasisme, ifølgje Hjeltnes. Ho syner til Sjøvegan vidaregåande skule i Troms, som tidlegare i år fekk skryt for sitt arbeid mot rasisme retta mot samar.

Ser etter nyskapande tiltak
For å vinne prisen må skulen arbeide langsiktig, involvere alle aktørane i skulen, og vere synleg i lokalmiljøet.

Juryen ser også etter konkrete tiltak, som er nyskapande og som kan inspirere andre skular.

Prisen er kalla opp etter Benjamin Hermansen, som 15 år gamal vart offer for eit rasisitisk motivert drap i Holmlia i 2001.

LES OGSÅ: Tragedien og rasismen

Marit Hermansen, som er er lærar og mor til Benjamin Hermansen, sit i juryen. I tillegg består juryen av representantar frå Likestillings- og diskrimineringsombodet, Antirasistisk senter, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Elevorganisasjonen og Sametinget.

Direktør ved Senter for studiar av Holocaust og Livssynsminoritetar, Guri Hjeltnes, leiar juryen.

Her kan du lese meir om prisen.