– Vi er veldig gode på å stenge ute ubehageleg informasjon

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er gode på å stenge ute

– Vi treng å kutte banda mellom forbruk og livskvalitet. Det er så mykje som fortel oss at vi må kjøpe meir, og som knyt sjølvkjensla vår til forbruk. Men sterke interesser er imot at vi skal endre livsførsel. Dei som lever av og for meir forbruk fryktar at vi skal forbruke mindre. Det utgjer ei enorm motmakt som er med å hindre oss i å løyse klimautfordringane.

Det sa professor i filosofi Arne Johan Vetlesen under debatten «Klimakoden» på Litteraturhuset. Spørsmålet var om avmakt i møte med klimaendringane kan verte snudd til optimisme og sosial endring.

Debatten er ein del av Klimafestivalen §112, som vil sende deg inn i klimaåret 2015 med friskt mot. Forutan Vetlesen, deltok Lan Marie Berg, som står bak Grønne jenter og er kandidat for Dei Grøne, psykolog Per Espen Stoknes og journalisten og forfattaren Erik Martiniussen.

LES OGSÅ: Ny festival i nytt klimaår

Styringsfella
Fleire av debattantane var opptekne av den handlingslamminga som mange meiner rår blant veljarar og politikarar. «Klimapsykolog» Per Espen Stoknes kallar det styringsfella:

–Klimaendringane er korkje eit teknologisk eller økonomisk problem. Problemet er at politikarane ventar på at veljarane skal støtte ambisiøs klimapolitikk, medan befolkinga anten er likegyldige eller vil at andre skal gå føre. Noko av problemet er at mennesket toler veldig lite verkelegheit. Vi er veldig gode på å stenge ute ubehageleg informasjon. I tillegg har vi ei mengd vaner og vi likar ikkje at andre skal kome å fortelje oss korleis vi skal leve, sa Stoknes.

klima1

Desse, Statoil eller du – kven kan vere eit lokomotiv for endring i møte med klimaproblemet? Foto: Statsministerens kontor.

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

Også Dei grøne-politikar Lan Marie Berg retta fokus mot folk flest og politikarar.

– Norsk klimapolitikk har stort sett handla om kva vi skal gjere andre stader, anten det er snakk om å bevare regnskogen i Amazonas eller å få i hamn ein internasjonal avtale. Det er ikkje rart at klimautfordringa vert opplevd som abstrakt når løysinga alltid er ein annan stad, sa Berg, som meiner vi må klare å kombinere globale avtalar og lokal handling.

Ei enorm motmakt
Då Vetlesen fekk spørsmålet om korleis vi kan knekke klimakoden, og unnsleppe fornekting, tiltaksløyse eller fatalisme, retta han derimot peikefingeren mot mektige kapitaleigarar.Og først og fremst oljenæringa.

–Big oil er den største aktøren i klimaproblematikken. Det må vere heilt klart. Og desse aktørane ønskjer å utnytte dei fossile kjeldene til siste dråpe, også i Antarktis, etter kvart som reservar der vert tilgjengelege når isen smeltar – nettopp grunna global oppvarming. Ein kan gjerne snakke om at nordmenn må slutte å fly til Thailand, men ein må hugse kven hovudmotstandaren er, sa Vetlesen, og støtta seg til Naomi Klein.

Den kanadiske forfattaren gav nyleg ut boka «This Changes Everything», der kapitalismen får skulda for den globale oppvarminga.

–Det er kapitalindustrien og særleg petroindustrien som er lokomotiva for klimaendringane. Vi treng å namngje og setje press på desse aktørane, som Statoil her heime, sa Vetlesen.

Filosofen meiner at desse aktørane får meir makt, dess sterkare det ny-liberale regimet står.

LES OGSÅ: Åtvarar mot oljeutvinning i Arktis

Stoknes var ikkje heilt einig i Vetlesens analyse, og argumenterte mellom anna for at den fossile industrien byrjar å miste konkurransekraft.

– Det er behageleg med ein hovudfiende, men vi er også medskuldige. Vi let politikarane sleppe unna med svada og bakstreversk politikk. I for liten grad krev vi politisk og strukturell endring, sa Stoknes.

Ein ny realisme
Vetlesen held likevel fast i at ein god del av forklaringa på passiviteten ligg i den sterke motmakta frå selskap med interesse i auka forbruk.

Han peika mellom anna på den sterke ubalansen i stimuli som fortel oss at vi skal auke forbruket vårt og den som ber oss om å avgrense oss.

– Vi må byrje å knyte livksvalitet til det langsiktige og økologiske kloke, ikkje til forbruk, sa Vetlesen.

Filosofen tok også eit oppgjer med den såkalla realismen som rår i klimasaka.

– Norske politikarar seier ofte at ein må vere realistisk om ein skal få gjennomslag for klimapolitikk. I motsetnad til for meg, er det urealistisk for politikarane å skulle seie høgt at nordmenn må slutte å fly til Thailand på ferie. Men lat oss gløyme den realismeforståinga ei lita stund, og byrje frå ein realisme som startar i naturen. Klimaforskarane fortel oss at realiteten er at vi driv overforbruk av ressursane på jorda og at vi er på veg mot irreversible vendepunkt. Dersom vi kan flytte realismeforståinga slik at den tek utgangspunkt i det naturvitarane fortel så ville enormt mykje vore vunne, sa Vetlesen.

Han synte mellom anna til «arbeidsplassargumentet», som ofte vert brukt når utfasing og nedbygging av oljeindustrien vert diskutert.

– Argumentet om at vi må sikre arbeidsplassane i oljeindustrien står veldig sterkt, og er ein type realisme. Men frå ein etisk ståstad kan ein spørje seg kva som vil skje dersom alle regjeringar som stod overfor dette spørsmålet valde å intensivere investeringar i fossil industri for å sikre arbeidsplassar. Då sikrar ein solide og trygge arbeidsplassar i ei økologisk skakkøyrd verd.

LES OGSÅ: Borar for miljøet