Ny festival i eit nytt klimaår

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Starta ny klimafestival

På ein godt utstyrt sykkel kjem Kristoffer Robin Haug, leiar i Norsk Klimanettverk, syklande gjennom kalde Oslo-gater ein måndag tidleg i januar. Den første Klimafestivalen Klimafestivalen §112 starta rett før nyttår, og består av fleire små arrangement over heile landet.

– Me ville treffa i skjæringspunktet mellom grunnlovsjubileet i 2014 og det som kjem til å bli eit av dei viktigaste klimaåra nokon gong – 2015, forklarar Haug med eit glas vatn i handa, etter at sykkelen er trygt låst utanfor.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Der me må snu
Norsk Klimanettverk starta opp i 2010, og det er først i år dei arrangerer ein klimafestival av denne storleiken. Namnet – Klimafestivalen §112 spelar på paragrafen – §112 – i Grunnlova som skal sikra klima og miljø for dei som kjem etter oss.

– Det står i Grunnlova at me er forplikta, og meir spesifikt at myndigheitene skal setja i gang tiltak som sikrar alle rett til eit godt miljø og natur òg for komande slekter. Mykje av poenget med festivalen er å spørja i kor stor grad me følgjer dette, seier Haug.

Når 2015 akkurat har starta, sit han med både forventingar og pessimisme. 2015 er eit viktig år for klimarøyrsla.

– Ikkje berre grunna toppmøtet i Paris seinare i år, som ikkje har trua på vil utretta stort. Det vil i det heile bli mykje fokus på klima, og dette er og året der FN sine klimarapportar seier at me må snu om me skal halda oss under togradersgrensa – dette må vera toppen.

LES OGSÅ: Er dette framtidas drivstoff?

Når dei ut?
Haug er overvelda over responsen frå folket på Klimafestivalen §112 – han meiner det kanskje er den største norske klimamarkeringa.

– Tidlegare har det vore små grupper med entusiastar som har sine lokale markeringar, og det har vore vanskeleg å nå ut til større mengder. Men no verkar det som det skjer noko i større deler av folket. Om me spør etter frivillige i sosiale media står det plutseleg eit lokale fullt av folk som vil hjelpa til.

Klimafestivalen §112 er og meir enn dei vanlege demonstrasjonstoga. Over heile landet blir det arrangert konsertar, filmframsyningar, bytekveldar, debattar – ei større breidde i arrangementa, som Haug seier.

LES OGSÅ: Miljøparagrafen er ikkje symbolsk

Mot toppen av ei bølgje
Kvifor klimaengasjementet nærmar seg ein topp no, har Haug eit par teoriar om.

– Engasjementet for klimasaka har alltid gått i bølgjer. Førre topp var før klimatoppmøtet i København i 2009, då var det mykje fokus på klima, og folk vart skuffa då møtet ikkje enda med revolusjon og handling frå politikarane. Då gjekk lufta litt ut av ballongen, men problemet finst endå. Sidan den gong har det bygd seg opp igjen, til dømes med People's Climate March i fjor, som ga ei global gjenoppliving av klimasaka. Det, saman med at me no har merka klimaendringane også her heime, er blant dei store tinga som har skjedd sidan sist.

LES OGSÅ: Klar varmerekord i 2014

Det du kan gjera sjølv
Kor mange som er med på Klimafestivalen kan ikkje Haug sei. Han veit rett og slett ikkje, og kan ikkje gi eit overslag – fordi det er spreidd over så mange arrangement over heile landet.

– Det er fleire hundre, berre her i Oslo, og nær hundre  arrangement over heile landet. Det ligg i festivalen sin natur – me i Norsk Klimanettverk tok initiativ og fekk med oss fleire andre organisasjonar som har laga ein del arrangement, medan andre har laga eigne arrangement som blir ein naturleg del av festivalen, forklarar Haug.

Han snakkar om folk som arrangerer bytekveldar eller filmframsyningar heime hos seg sjølv, for å gjera fleire bevisste på klimasaka. På heimesidene til festivalen finst det og ei liste over ti grep du sjølv kan ta.

– Og så kan ein gjera mykje meir – det er mange små grep som har stor effekt. Til dømes kan du eta mindre raudt kjøt, det skal ikkje meir til enn å byta ut med andre kjøttypar eller redusera kjøtmengden. Då kan du redusera CO2-avtrykket ditt fort.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmiljøet er beskjeden

Ventar på marsjordren
Haug snakkar engasjert og lenge om klimasaka. Sjølv om han er nær ved å mista trua, held han optimismen oppe, og viftar ivrig med armane. Han meiner me kan vera nær ei løysing, og skildrar dette når han snakkar om eit av arrangementa under festivalen – Klimakoden torsdag 08. januar.

– Ein psykolog, ein filosof og ulike ekspertar skal snakka om klimapsykologi. Om at me veit kva som må gjerast og at det må gjerast, men det er likevel noko som hindrar oss i å ta det siste steget. Det er ein del psykologiske faktorar som ligg bak det, sjølv om det ikkje er nokon fornuftige grunnar til å ikkje ta grep og styra samfunnet i rett retning, seier Haug.

Han trur viljen i folket og i næringslivet er på plass – alt som trengst er ein felles retning å gå i.

– Overraskande mange bedrifter ein skulle tru hadde fokus på kortsiktig profitt er klare til å ta i, men dei ventar på marsjordren. Sjå på Petter Stordalen og Choice-hotella, til dømes. Det er eit stort klimaengasjement i næringslivet, men dei er ikkje ekspertar. Det er myndigheitene som må høyra på forskarane, og så seia korleis me skal gå fram. Då trur eg veldig store deler av samfunnet er klare til å omstilla seg.

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

Faktaboks

Klimafestivalen §112:

Klimafestivalen §112 er ein nystarta klimafestival. Den starta 30. desember 2014, og varar til 11. januar 2015

Namnet er basert på §112 i Grunnlova, den såkalla miljøparagrafen

Norsk Klimanettverk, som vart skipa i 2010, tok initiativet til festivalen, som består av nær hundre ulike arrangement over heile landet

Ifølgje leiaren av Norsk Klimanettverk, Kristoffer Robin Haug, er timinga for festivalen viktig – i skjeringspunktet mellom Grunnlovsjubileet 2014 og året 2015, som vil bli viktig for klimasaka

2015 er året der utsleppa må nå toppen, ifølgje FN sine klimarapportar

Les meir om festivalen her.