I februar kan born landet over bli med til Vestlandet for å helse på Marit (6) og dyra hennar.

Jorulf Myrene, Vikebladet
Jorulf Myrene, Vikebladet

3. februar kan du verte betre kjend med seks år gamle Marit Krakset frå Hakallestranda. Då startar nemleg TV-serien «Marit og dyra» på NRK Super.

– TV-serien tek for seg alt frå dyrefødslar til slakting på ein realistisk måte, noko som ikkje alle har eit forhold til i dag, fortel mor til Marit, Aina Moldskred Krakset.

Ho har fått sett på opptaka og er godt nøgd med resultatet.

– Filminga er berre heilt nydeleg og serien er elles veldig flott og levande laga. Eva Westvik og Arne Stubhaug i NRK har gjort ein veldig bra jobb og har vore veldig fine å samarbeide med, seier Aina.

LES OGSÅ: Nynorsk pris til programleiar i Superblokka

Det er NRK Sogn og Fjordane som står bak produksjonen.

Eva Westvik i NRK står også bak Barne-TV-serien «Klart eg kan»som gjekk på NRK for ei tid tilbake. I samband med dette laga ho ei episode med Per Moldskred frå Ulsteinvik, søskenbarnet til Marit, der opptaka vart gjort på Hakallegarden der Marit bur.

– Etter dette vart eg kontakta av Eva med tanke på å lage ein TV-serie om dyra på garden og Marit. Vi måtte vente til Marit vart litt eldre, og på vårparten i fjor tok opptaka til, fortel Aina. NRK har fulgt Marit utover sommaren og snart skal det ferdige resultatet synast fram.

LES OGSÅ: Uroa over dubbing av barneprogram

Serien er på i alt åtte episoder og kvar episode fortel ei historie om livet saman med dyra.

– Vi vonar at TV-serien kan skape ringverknader for heile Vanylven. Det er ei flott kommune med vakker natur og kanskje kan TV-serien vere medverkande til Vanylven vert oppdaga av fleire, vonar Aina Moldskred Krakset.

LES OGSÅ: Vaffelhjarte på dansk

Les saka i Vikebladet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE