By, rett, kulturråd og forfattar jubilerer i 2015

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jubileumsåret 2015

– Gjennom året vil vi både gi historiske tilbakeblikk, peike framover, og ikkje minst fremme diskusjon og debatt om kulturen og Kulturrådets samfunnsrolle og meining, seier direktøren i kulturrådet, Anne Aasheim.

Kulturrådet har engasjert Alfred Fidjestøl, som mellom anna har skrive historia til Det Norske Teatret, til å dukke djupt ned i dei første 50 åra til Kulturrådet. Jubileumsboka kjem ut til hausten. Då blir det også arrangert ein stor jubileumskonferanse.

LES OGSÅ: Nytt rekordår for Framtida.no

Høgsterett feirar
Ein annan viktig samfunnsinstitusjon, Høgsterett, jubilerer også i 2015. Den første saka i Noregs Høgsterett blei halden 30. juni 1815.

– Sjølve jubileumsdagen vil bli markert i Høgsteretts plenumssal, med det offisielle Noreg til stades. Kong Harald har sagt at han kjem. Seinare på dagen vil regjeringa halde ei mottaking på Akershus slott for Høgsterett med gjester. Dagen etter er det ope hus hos oss for publikum, seier direktør Gunnar Bergby i Høgsterett til NTB.

Det blir også gitt ut eit jubileumsskrift, og bind tre av historia til Høgsterett kjem ut. Den omfattar perioden 1965– 2015 og er skriven av professor Jørn Øyrehagen Sunde.

I juni er det 200 år sidan Høgsterett avsa sin første dom. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

LES OGSÅ: Ny festival i nytt klimaår

Flytta grenser
Aldri eit år utan eit forfattarjubileum, og 2015 er ikkje noko unntak. I 2015 har Nasjonalbiblioteket valt å heidre Agnar Mykle, som ville ha fylt 100 år 8. august.

Trass i at Mykle ikkje gav ut meir enn fire romanar og like mange noveller, er han rekna som ein av dei viktigaste forfattarane i etterkrigstida.

Mykle fikk sitt gjennombrot med «Lasso rundt fru Luna» i 1954. Her introduserte han Ask Burlefot, som også er hovudpersonen i «Sangen om den røde rubin», som kom i 1956. Boka blei stoppa av retten og forboden i 1957 på grunn av sine dristige seksualskildringar. Saka gikk heilt til Høgsterett, der forlag og forfattar blei frikjent i 1958.

– «Sangen om den røde rubin» er ein kjerneroman i norsk litteraturhistorie i det 20. hundreår på fleire måtar. For det første gikk Mykle lenger enn tidlegare med detaljerte skildringar av erotikk, så der flytta han på nokre grenser. Så blei jo rettssaka ei av dei store nøkkelrettssakene i norsk litteratur- og rettshistorie med tanke på ytringsfridom og avgrensinga av ytringsfridomen, seier forskingsbibliotekar Trond Haugen i Nasjonalbiblioteket.

LES OGSÅ: Grunnlov som symbolpolitikk

Breien blir heidra
I tillegg til ei utstilling om Mykle blir det ein eigen forskingskonferanse om forfattaren på Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket markerer i år også at det er 200 år sidan komponist Halfdan Kjerulf blei fødd. Det blir gjort ved utgjeving av dagbøkene hans i tillegg til ulike seminar. Det er 150 år sidan fotograf Anders Beer Wilse blei fødd, og det blir markert med ei plakatutstilling som blir tilbydd alle folkebibliotek, i tillegg til ein konferanse til hausten.

Nasjonalbiblioteket har i år også valt å feire ein høgst oppegåande person – Anja Breien. Filmskaparen er 75 år, og det blir markert med seminar, nyutgjevingar av filmane og ei plakatutstilling til biblioteka.

LES OGSÅ: Klar varmerekord i 2014

Salutt og frimerke
8. mai blir det markert at det er 70 år sidan Noreg blei fritt etter fem år med tysk okkupasjon. Dagen er frå 2011 ein nasjonal veterandag.

I Halden blir det byjubileum. Det er 350 år sidan Halden fikk bystatus, og det blir feiring gjennom heile året. Den store jubileumshelga er 10.– 12. april der det blir fleire arrangement. 10. april blir det lansert eit jubileumsfrimerke, det blir utstillingar, festgudsteneste og salutt frå Fredriksten festning, går det fram av reiseportalen for Halden. (©NPK)

LES OGSÅ: Flink pike – og forfattar