Studie: Fleire vil dø av resistente bakteriar
I 2050 vil fleire dø av antibiotikaresistente bakteriar enn talet på kreftdødsfall i verda i dag, ifølgje britiske forskarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ta fleire liv enn kreft
I dag dør kring 700.000 menneskjer årleg av antibiotikaresistente bakteriar, medan 8 millionar døyr av kreft. Ifølgje spådommar frå forskarar vil antibiotikaresistens verte ein stadig større helsetrussel i framtida.
– Me ser aukande resistens òg i Noreg. Nesten alle risikomikrobane som vert påvist ute i verda, finst òg her hjå oss, sjølv om me foreløpig ligg lågt samanlikna med andre land, seier Gunnar Skov Simonsen, professor i mikrobiologi ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge, til Nationen.
Funn av antibiotikaresistente bakteriar i kylling fekk mykje mediemerksemd i fjor haust. Fagmiljøa har lenge mistenkt at det er samanheng mellom antibiotikaresistente bakteriar i dyr og menneskjer, utan at dette er bevist.
LES OGSÅ: Ei verd – ei helse