Kven vinn Årets Gullbarbie?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fram til 5. februar kan du stemme på kven du tykkjer fortener den tvilsame æra av å vinne Årets Gullbarbie 2014.

I år er det klesmerket Björn Borg, brillekjeda Synsam og Elevkalenderen, som er nominert til prisen.

Kropp og sex
Prisen vart oppretta av ungdomsorganisasjonen Press i 2010. Målet er å setje fokus på presset medie- og reklamebransjen utset dagens ungdom for.

Press reagerer på at uoppnåelege kroppsideal, sex og forelda kjønnsroller vert nytta for å selje produkt. 

I kåringa vert ungdom oppmoda til å stemme fram fjorårets versting.

– Årets Gullbarbie gjev ungdom ei moglegheit til å stå opp mot presset frå reklame- og mediebransjen, seier leiar i Press, Andrea Sjøvoll, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – TV2 sviktar ungdommen

Gjengangar
Klesmerket Björn Borg er i år nominert for tredje gang, men har enno ikkje klatra heilt til topps i kåringa.

«Ved hjelp av prangande reklameplakatar og retusjerte modellar fortel Björn Borg ei historie som speler på sex og gamle kjønnsroller. Bodskapen er at det berre finst éin måte å vere perfekt på,» heiter det i grunngjevinga for nominasjonen.

Press meiner at marknadsføringa frå det svenske klesmerket er særleg problematisk  fordi dei er populære blant elevar i ungdomsskulen.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Brillesex
Ein kanskje meir overraskande nominasjon er brillekjeda Synsam. Kjeden vert nominert for å freista å selje briller gjennom hyperseksualiserte reklamefilmar og plakatar.

Press meiner at kjeda med sin kampanje bidreg til ei aukande og einsidig seksualisering av samfunnet. Organisasjonen peikar i grunngjevinga på at det ikkje er naudsynt å seksualisere eit produkt som uansett vert selt på grunn av reelle behov.

Debattredaktør i det feministiske tidsskriftet Fett, Charlotte Myrbråten, har kritisert kampanjen i kronikken «Nærsynt og sprengkåt».

Feministen tykkjer i likheit med Press at nakenheita set fokus på kropp framfor brillene og peikar på at det framleis er sexisme sjølv om det er mannen som vert objektifisert.

LES OGSÅ: Her er verste bistandsvideo

Press i skulen
Elevkalenderen er ein annan kandidat som har fått kritikk i året som har gått.

Skuledagboka inneheld mykje reklame og vert produsert av Det Skandinaviske Medieselskapet.  30 ulike versjonar vert delt ut til studentar og vidaregåande elevar landet over.

Ved inngangen av skuleåret meldte NRK Møre og Romsdal om at fylkesutdanningssjefen ville inndra Elevkalenderen på grunn av ei lettkledd kvinne på framsida, som hadde vekt reaksjonar.

– Me vil vere minst mogleg kontroversielle og skal syte for at slikt ikkje skjer i neste års utgåve, sa Torstein Solheim i Det Skandinaviske Medieselskap til NRK.

Press meiner Elevkalenderen gjer skulen til nok ein arena der ungdom møter det enorme presset frå reklame- og mediebransjen.

LES OGSÅ: Unge må leva opp til glansbilde

Manar til protest
Leiaren i Press vonar at unge frå heile Noreg vil stå saman med dei i ein protest mot bransjen.

– Reklamebransjen skaper eit ideal som det i praksis er umogleg å nå opp til, og som fortel oss korleis me skal sjå ut, oppføra oss og vere. Problemet er ikkje korleis dette idealet ser ut, men at det i det heile teke finst, understreker Sjøvoll.

Ho er uroa for at mange unge fell utanfor eit slikt einsretta skjønheitsideal.

– Eg oppmodar difor alle unge til å gå inn på gullbarbie.no og stemme, avsluttar Press-leiaren.

Faktaboks

Press

Press er ungdomsorganisasjonen til Redd Barna.

Organisasjonen er partipolitisk og religiøst uavhengig, og består av ungdom mellom 13 og 25 år.

Tidlegare vinnarar av Årets Gullbarbie:

Russedress (2013)

Victoria's Secret (2012)

Jack & Jones (2011)

Diesel (2010)