Eit Ivar Aasen-universitet på Vestlandet?

Øystein A. Vangsnes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit Aasen-universitet?

Kommentaren var først publisert hos Forskning.no

Det føregår for tida ein strukturdebatt i den norske universitets- og høgskulesektoren. Regjeringa Solberg meiner vi har for mange små høgskular i landet som ikkje gir valuta for pengane og som ikkje held høg nok vitskapleg standard. Dei er ikkje «robuste» nok som det heiter. Nokre av høgskulane er svake på både forsking og studentproduksjon, andre har først og fremst for små forskarmiljø som publiserer lite. Dei fire «gamle» breiddeuniversiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø synest å halda mål, men dei fleste andre institusjonane har fått klar beskjed om å finna nokon å slå seg saman med. Somme høgskular tek beskjeden på alvor, og både i nord og sør ser vi konturane av fusjonar, medan andre høgskular primært vil fortsetja åleine slik som før.

LES OGSÅ: Vil stå åleine – kan bli tvangsfusjon

Både Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Volda (HiVo) fell i den siste kategorien. Dei har gjennom styrevedtak bestemt seg for at dei vil fortsetja som sjølvstendige institusjonar i ein modell der dei ulike fagmiljøa inngår forpliktande samarbeid med andre fagmiljø ulike stader. Responsen på dette frå den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet er derimot ikkje til å ta feil av: Dersom HiSF og HiVo ikkje finn partnarar å slå seg saman med, kan det bli aktuelt med diktat frå sentralt hald. Tvangssamanslåingar, med andre ord.  

I denne situasjonen bør HiSF og HiVo sterkt vurdera å gå i lag. Det er fleire forhold som tilseier at det er ei god løysing i alle tilfelle, og overfor Kunnskapsdepartementet vil det handla om å ta styring over eiga framtid: Ein fusjonsprosess styrt frå Oslo kan få ulike utslag og i verste fall redusera studiestadane i Sogndal, Førde og Volda til perifere satelittar underlagt større institusjonar i Bergen eller Trondheim. Det vil flytta utdanningsmakt frå distrikta til sentrum.

LES OGSÅ: Spleisar høgskulane før påske

HiVo har allereie uttrykt at HiSF er viktig for dei i ei eventuell omstrukturering: På fleire område har dei to institusjonane overlappande studietilbod slik som innan lærarutdanning og velferdsstudiar, og det er òg fagmiljø innanfor samfunnsfag, idrett og friluftsliv som kan komma styrka ut av ei samanslåing. Samtidig har dei to høgskulane sine eigne område dei er gode på: HiVo er mellom anna kjende for si mediautdanning og HiSF er gode på til dømes klima- og energiforsking. Dei to institusjonane har elles ei lik sjølvforståing og har teke sitt regionale mandat på alvor: Samarbeidet mellom HiSF og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om utdanning av lærarar og skuleleiarar er ei rein sukesshistorie i nasjonal samanheng.

LES OGSÅ: Vil bli best på fornybar forsking

Ser vi så på storleik, er det god balanse mellom HiSF og HiVO. Dei to institusjonane er så godt som jamstore: I 2014-tal har HiSF om lag 3900 studentar og 320 tilsette medan HiVO har 3700 studentar og 300 tilsette. Samla er dei to nesten like store som Høgskolen i Bergen (8400 studentar, 770 tilsette) og heller ikkje så mykje mindre enn Universitetet i Tromsø var før fusjonen med Høgskolen i Finnmark i 2013 (9300 studentar, 2500 tilsette). Slik sett må ein kunna meina at eit fusjonert HiSF+HiVo blir robust nok, og tankane dei begge har framført om tette samarbeid med andre fagmiljø ulike stader i landet kan godt vidareførast sjølv om dei går saman.

Byrjar ein først å sjå på slike tal, og reknar på forholdet mellom studentar og tilsette, er det freistande å spørja kunnskapsministeren og hans folk kor rettmessig det eigentleg er å kritisera høgskulane for låg forskingsaktivitet. Forholdstalet student per tilsett ved HiSF+HiVo 12:1 og det same er det ved HiB. Til samanlikning er forholdstalet både ved UiO og det nye UiT 4,4:1 – ved UiB er det 4,3:1 og ved NTNU 4,6:1. Kvar tilsett ved høgskulane har altså i snitt nesten tre gongar så mange studentar som ved universiteta, og vi veit at faste fagtilsette ved høgskulane jamt over berre har ein liten forskingsdel i stillinga si. Då må ein innsjå at forskingsaktiviteten ikkje kan bli så omfattande. Eg vil meina at dersom eit fusjonert HiSF + HiVo blir tilført 100 eller jamvel berre 50 toppstillingar med 50% forskingstid, er det grunn til å forventa at den vitskaplege produksjonen vil gå monaleg opp. 

LES OGSÅ: Skrinlegg Vestlands-universitet

Ei utfordring for å få til ein fusjon mellom HiSF og HiVo er fylkespolitikarane i Møre og Romsdal som ønskjer å samla alle høgskulane i fylket (Volda, Ålesund og Molde) til ein institusjon. Det ser derimot HiVo på som ei dårleg løysing. Ved HiSF har elles dekanen ved Avdeling for helsefag i Førde sagt seg ueinig med eige styre i at HiSF skal fortsetja åleine, og ho meiner samtidig at fusjon med HiVo vil vera ei dårleg løysing for studiestaden i Førde sidan HiVo verken har ingeniør- eller sjukepleiarutdanning slik som der. Løysinga på det siste kunne vera å trekkja også Høgskolen i Ålesund (2250 studentar, 220 tilsette) inn i HISF+HiVo-fusjonen: I Ålesund har dei både helsefag og teknologifag i porteføljen, og dei vil dessutan få kjøtvekta på den nye institusjonen ytterlegare opp. 

Kronargumentet for å fusjonera Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda, er likevel at desse to institusjonane deler noko unikt: Dei er dei einaste høgare utdanningsinstitusjonane som i dag har ein tydeleg nynorskprofil. Vel kan ein rosa Universitetet i Bergen for å vera særs flinke til å følgja mållova, men det er berre ved HiSF og HiVo at nynorsk er det dominerande og berande språket. Sannsynlegvis er det ingen andre stader i Noreg det er like lett å bli verande nynorskbrukar som ved studiestadane i Sogndal, Førde og Volda. Vi veit at presset mot nynorskbrukande studentar og tilsette er stort og tyngande på dei fleste fagområde i universitets- og høgskule-Noreg: Svært mange – kanskje brorparten – kjem ut av utdanningane sine som bokmålsbrukarar innan faget sitt. Det er ikkje sikkert regjeringa Solberg vil tykkja dette er noko argument i det heile, men for regionen og institusjonane det gjeld, burde det vera det. Og det bør også dekanen og andre i den sjølverklærte nynorskbyen Førde grunna litt på.

LES OGSÅ: Norske universitet fell på verdsranking

I 1990 vart det grunnlagt eit tredje breiddeuniversitet i Barcelona ved sidan av Universitat de Barcelona (grunnlagt i 1450) og Universitat Autònoma de Barcelona (grunnlagt i 1968). Det nye universitetet fekk det katalanske namnet Universitat Pompeu Fabra (UPF). UPF er på storleik med mitt eige universitet, UiT Noregs arktiske universitet, i tal på studentar, tilsette og avlagte doktorgradar. Det har sju fakultet og driv verdsleiande forsking på fleire område: I 2014 låg UPF på 13. plass på Times Higher Education si kåring av universitet yngre enn 50 år. Til samanlikning ligg UiT på 64. plass på den same lista. 

LES OGSÅ: Slaktar rangeringar av universiteta

Det mest spennande med UPF i vår samanheng er namnet: Det er nemleg oppkalla etter ein person. Ein mann: Pompeu Fabra (1868-1948). Han var ein katalansk industriingeniør med ei glødande interesse for filologi og for morsmålet sitt, katalansk. Frå 1890-åra og frametter deltok han aktivt i debatten om korleis det katalanske skriftspråket burde moderniserast og normerast etter moderne språkvitskaplege prinsipp. Som eit resultat av dette engasjementet vart han i 1911 tilsett som professor i katalansk i Barcelona ved det nyoppretta instituttet for katalanske studiar. I 1912 ga han ut Gramática de la lengua catalana (skriven på spansk) og i 1932 kom ordboka Diccionari General de la Llengua Catalana (på katalansk). I mellomtida ga instituttet og Fabra ut ulike skrifter om prinsipp for normeringa av katalansk samt lærebøker med meir. Grammatikken og ordboka til Fabra vart retningsgivande for det moderne katalanske skriftspråket. Pompeu Fabra var med andre ord Katalonias svar på Ivar Aasen

LES OGSÅ: Språk, fotball og fridomsstrev i Catalonia

Katalanarane valde altså i 1990 å heidra minnet etter mannen som gjorde ein uvurderleg innsats for språket deira, med å oppkalla eit universitet etter han. Ein høgare utdanningsinstitusjon tufta på det som må seiast å vera ein sterk kulturell kraft på Vestlandet generelt og Sogn og Fjordane og Sunnmøre spesielt, altså nynorsk, kunne på same måte godt kallast opp etter vitskapsmannen som i praksis etablerte norsk dialektologi og som stod for den første grunnleggjande innsatsen for eit skriftspråk basert på dei norske talemåla. 

Det er ikkje tradisjon for å kalla oppnorske universitet etter personar slik som i andre land, men når UiT kunne få halehenget «Noregs arktiske universitet» som ei påminning om kor i landet institusjonen ligg, burde også eit fusjonert HiSF og HiVo kunna få smykka seg med Ivar Aasen som ei påminning om regionen institusjonen ligg i og tener. HiVo har allereie eit Ivar Aasen-institutt for språk og litteratur, men å løfta namnet endå høgare opp, vil ha endå større symboleffekt. 

LES OGSÅ: Kva no, Catalonia?

Kanskje vil ein «Høgskulen Ivar Aasen» eller jamvel «Ivar Aasen-universitetet» vera for revolusjonært for ei regjering av parti som ikkje kan seiast å vera særleg nynorskvennlege. Men lat dei då i det minste bli utfordra på det!

Alle tal på studentar og tilsette ved ulike universitet og høgskular er henta frå Database for statistikk for høgre utdanning

QUIZ: Kva kan du om Ivar Aasen?