Spleisar høgskulane før påske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgskulane i Sogn og Fjordane, Volda, Ålesund, Molde og Bergen var alle innkalla til eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Oslo siste torsdagen før jul. Der var planen å snakke om moglege høgskulefusjonar i vest.

For medan høgskulane i aust ser ut til å ha samla seg i to store einingar, Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskolen Buskerud Telemark Vestfold, er det ingen spleiseprosjekt på gang på Vestlandet. Heller ikkje etter møtet hjå Kunnskapsdepartementet såg det ut til at nokon hadde funne tonen.

– Vi hadde eit konstruktivt møte, men posisjonane bevega seg ikkje så veldig, seier statssekretær Bjørn Haugstad til Nynorsk pressekontor.

Han la til at Høgskulen i Sogn og Fjordane framleis står på at sjølvstende er det beste.

KOMMENTAR:Elevar utan lærarar i framtidas skule

Intensiverer etter jul

Signala frå departementet er likevel tydelege, høgskulane i Sogn og Fjordane, Volda, Ålesund og Molde er alle for små til å halde fram med å stå åleine. Berre Høgskulen i Bergen er stor nok til å unngå tvangsekteskap.

– Høgskulane får no bruke jula og januar til å tenkje seg grundig om, før den politiske innspurten startar i februar, seier statssekretær Bjørn Haugstad.

Nest siste fredag før påske kjem konklusjonen frå departementet, då satsar dei på å ha klar ei strukturmelding som vil innehalde føringar for den framtidige høgskulestrukturen.

Haugstad peika på at under møtet blei både Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda spesielt utfordra på korleis dei skal møte dei nye krava til 5-årig lærarutdanning på eiga hand.

LES OGSÅ:Fekk positive signal – men ikkje pengar

Saman er dei mindre åleine

Eitt anna argument som Kunnskapsdepartementet brukar for å fremje ei samanslåing av Høgskulen i Sogn og Fjordane og Volda, er nynorskprofilen til skulane.

– Begge skulane har ein sterk nynorskidentitet. Vår meining er at dette ville stått sterkare i ei samla lærarutdanning, seier Bjørn Haugstad i departementet.

Han viser til at fylkesgrensa er mindre relevant i denne samanhengen. Høgskulen i Ålesund har tenkt den same tanken, og arbeider for tida med å avklare eit samarbeid med NTNU i Trondheim, ein prosess som skal vere ferdig i slutten av januar. Kva som skjer med Høgskulen i Molde er meir ope.

– Vi har hatt ein open dialog til no, og tonen var ikkje verre enn at vi etter møtet kunne ønske kvarandre både ei god og fredeleg jul, summerer statssekretær Bjørn Haugland opp møtet med høgskulane i vest. (©NPK)