Når den norske krona fell mot dollar og pund, blir det kostbart for dei norske utvekslingsstudentane.

NPK-NTB
NPK-NTB

Utvekslingsstudentar må snart betale skulepengar og husleige for neste semester, og merkar uvissa i valutamarknaden. Lånekassen utbetaler nemleg i norske kroner, skriv Bergens Tidende.

Leiaren for ANSA (Association of Norwegian Students Abroad), Madeleine Mowinckel, er uroa for studentane ho er valt til å representere.

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett

Taper tusenvis av kroner
– Det er ein tøff situasjon, mest fordi han kjem så uventa, og studentane er litt makteslause. Dei får ei utbetaling av Lånekassen, og denne må dei betale skulepengane med akkurat no. Dei taper tusenvis av kroner utan særlig valmoglegheit, seier ho.

– Kjøpekrafta er heilt klart svekt, og alt kostar meir no enn for nokre månader sidan. Den største effekten kjem likevel av at mykje av støtta ein får av Lånekassen for å dekke levekostnader no i staden må brukast på å dekke skulepengar fordi skulepengestøtta frå Lånekassen ikkje lenger strekkjer til, seier ho.

LES OGSÅ: Feirar støtte til norske USA-studentar

Får valutajusterte skulepengar
Norske studentar vil derimot sleppe å måtte leike valutaspekulantar stort lenger, fortel ANSA-leiaren.

– Den gledelege nyheita er at regjeringa i haust gikk inn for å valutajustere skulepengane frå og med hausten 2015. Det er inga stor trøyst for dei som opplever problem no, men på lang sikt er dette eit viktig og nødvendig grep, seier Mowinckel. (©NPK)

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR STUDIAR OG JOBB I UTLANDET!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE