Millionstøtte til lokal utdanning

Industriutviklingsselskapet Atheno får 1,1 million kroner i støtte til lokal ingeniørutdanning i Sunnhordland.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Millionstøtte til lokal utdanning

Konstituert dagleg leiar Astrid Kjellevold Steinsland og prosjektleiar Kjetil Djuve i Atheno kan sleppe gleda laus etter at det måndag blei klart at industrimiljøet får inntil 1,1 mill. kroner i stønad frå Innovasjon Norge til kompetanseutvikling. Pengane skal konkret nyttast til utvikling av nytt ingeniørstudie i Sunnhordland.

– Atheno leverte hovudsøknad i november, i konkurranse med mange andre miljø i Norge. Det at me var blant dei beste har stor betydning for oss, fordi me på denne måten kan styrkja arbeidet med kompetanseheving ut i nettverket vårt. HSH er vår naturlege samarbeidspartnar, og dette byggjer opp også om dei som ein aktør lokal-industrien kan nytte i stadig sterkare grad. Det overordna målet er at all kompetanseheving skal styrkja konkurransekrafta til heile industrien lokalt, seier Kjellevold Steinsland.

LES OGSÅ: Skrinlegg Vestlands-universitetet

– Atheno har levert ein god søknad, der dei presenterer eit svært godt prosjekt, seier seniorrådgjevar Per Øyvind Voie i Inovasjon Norge.

Han er ansvarleg for Innovasjon Noerge sitt prosjekt t aller sterkast inntrykk på meg i år, er ei bok eg las nokså seint på året og som kom ut i 1929, nemleg «Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø», og ser fram til å følgja miljøet i Sunhordland tett framover.

– Industrien er viktig i regionen, og me gler oss til å jobba saman med både prosjektleiinga og dei regionale samarbeidspartnerane for at måla i prosjektet skal nåast. Me håpar at kompetansesatsinga vil styrkja eksisterande arbeidsplassar og legja grunnlaget for nye, seier Voie.

LES OGSÅ: Der alle byrjar på «golvet»