Elevane ved Molda VGS føler seg ikkje pressa til å skifta målform, men meiner lærarane har ein jobb å gjera.

Faktaboks

Undersøkinga er gjort i samband med ei masteroppgåve skriven av Iselin Nevstad Øvrelid, in samband med studiet Nynorsk skriftkultur i Volda.

Det vart gjennomført ei undersøking med spørjeskjema på tre vidaregåande skular i Møre og Romsdal.

Prosent av elevane som skifta frå nynorsk til bokmål:

• Molde VGS: 20 prosent
• Fagerlia VGS: 32 prosent
• Volda VGS: 4 prosent

Hovudgrunnen til at elevane skifta hovudmål, er at dei tykkjer bokmål er lettare.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg valde å skifta frå nynorsk til bokmål fordi eg følte eg klarde å meistra nynorsk nok til å berre bruka det som sidemål, fortel Amalie Farstad, som går på Molde Vidaregåande Skule. Ho kjem opphavleg frå Austlandet, og er ein av dei som har skifta hovudmål frå bokmål til nynorsk.

Ein annan er Håvard Bjørnerem, som er elevrådsleiar på same skule. Han skifta til bokmål fordi han gjekk yrkesfag på ein bokmålsskule – og difor ikkje kjente noko sakn etter nynorsken.

– Eg hadde hatt nynorsk i 10 år og tykte ikkje det var noko betre enn bokmål, eigentleg. Så eg let berre vera å seia ifrå då eg fekk bokmål som hovudmål og hadde det alle tre åra på VGS, seier Bjørnerem.

Skulen dei går på var med i ei undersøking om språkskifte i skulen, som vart gjennomført av Iselin Nevstad Øvrelid i samband med ei masteroppgåve. Undersøkinga vart gjort på Molde, Fagerlia og Volda VGS. På Molde VGS bytta 20 prosent av nynorskelevane hovudmål til bokmål.

LES OGSÅ: Ein av fem blir oppmoda til målbyte

– Det er enklare
Øvrelid, som står bak undersøkinga, spurde og kvifor elevane som skifta valde å gjera det. Ein av fem av dei som skifta sa dei vart oppmoda til det, men elles var det eit svar som peika seg spesielt ut.

– Det er enklare. Det dominerer svara, og eg tenkjer det heng saman med at elevane ser så mykje meir bokmål i kvardagen.

Det kan Jonina Reynisdottir, som og går på Molde VGS, skriva under på.

– I bøker, sosiale media, instruksjonar, brosjyrar og kafémenyar er bokmål den utvalde målforma. Den einaste gongen nynorsk er brukt er når den norske kulturen skal framhevast eller om det er nokon som er ekstremt knytt til det av ein eller annan grunn. Eg er derimot berre ei tilfeldig jente som sjølvsagt blir påverka av den enorme bruken av bokmål, seier Reynisdottir.

Det ligg mykje svar i sidemålsundervisinga, meiner Øvrelid.

– Det interessante er at elevane ved Molde og Fagerlia ofte ikkje var negative til nynorsk generelt, men imot sidemålsundervisinga som prinsipp.

Øvrelid trur at haldningar heng saman med meistring.

– Meistrar du språket, har du ingen grunn til å mislika det. Slik er det med andre fag og. Er du god i gym, går du ikkje rundt og hatar det, seier Øvrelid.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar mest

Ein fordel i sidemål
Både Amalie Farstad og Håvard Bjørnerem trekk fram fordelen i sidemål som eit argument for at dei skifta til bokmål. Ingen angrar.

– På denne måten kunne eg skriva bokmål på innleveringar, noko som heilt klart gjekk fortare. Og når me hadde sidemål sat eg med nok kunnskap til å gjera det bra der samanlikna med dei som alltid hadde bokmål som hovudmål, seier Farstad.

Ho trur at foreldre og lærarar kan ha mykje å seia for kva hovudmål elevane brukar.

– For det første er det foreldra som bestemmer om barnet skal ha bokmål eller nynorsk, men det er og i stor grad læraren sin jobb å påverka eleven positivt til alle skriftspråk.

Ho meiner og at mangelfull opplæring kan påverka språkskifte, men meiner ikkje at skulen skal føra nokon elevar aktivt inn i ein målform over ein annan.

– Det må sjølvsagt vera opp til eleven sjølv om han vil byta hovudmål eller ikkje, men eg meiner at lærarane har ein jobb i å gjera nynorsk meir interessant enn det er nett no, seier Farstad.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Ikkje påverka
Også Håvar Bjørnerem meiner at valet av hovudmål skal vera heilt opp til eleven sjølv.

– For dei som ikkje forstår nynorsk så er det ikkje effektivt å tvinga dei til å hadet. Då er det ganske mange som blir irriterte.

Ingen av elevane Framtida.no snakka med vart direkte påverka av foreldre eller lærarar til å skifta frå nynorsk til bokmål. Amalie Farstad seier og at ho ikkje kjenner nokon som har blitt oppmoda direkte.

– Eg tenkte eigentleg ikkje så mykje over det, eg bytta eigentleg heilt sjølv, seier Håvard Bjørnerem, medan Amalie Farstad fortel at ho hadde diskutert eit målbyte med foreldre og lærar, men vart aldri direkte oppmoda.

LES OGSÅ: Nynorskelevar skiftar til bokmål på nett.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE