Dårlegare karakterar av støttekutt
Barn av aleinemødrer som tok imot støtte fram til slutten av 1990-talet, fekk dårlegare karakterar etter at overgangsstønaden til aleineforeldre vart kutta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skuleresultata har falle, og det har blitt større forskjellar mellom barn av aleinemødrer og barn av gifte mødrer, seier Katrine Holm Reiso ved Institutt for samfunnsøkonomi og Center for Empirical Labor Economics til Forskning.no.
LES OGSÅ: Bygdeungdom er mindre påverka av foreldra
Mindre tid til borna
I doktorgradsavhandlinga si skriv ho at gjennomsnittskarakteren for 16-åringar med aleinemødrer fall 7 prosentpoeng etter reforma.
På slutten av 1990-talet vart det sett ei grense for å ta imot overgangsstønad på tre år. Dette førte til at nokre aleinemødrer begynte å jobbe meir. Denne gruppa har fått betre økonomi, men også mindre tid med dei små barna.
LES OGSÅ: Droppa leksene – fekk rekordhøge karakterar
Andre trygder
Andre fekk likevel ikkje jobb, og gjekk over til å ta imot andre stønader. Denne gruppa fekk dårlegare økonomi etter reforma.
– Det er ikkje alle som klarer å finne seg jobb, og det er difor dei går inn i andre trygdeytingar. Først og fremst finn eg auka opptak av sosialhjelp. Men også uføretrygd, rehabilitering og yrkesretta attføring. Dette er stønader du går på før du endar i jobb eller på uføretrygd, seier Reiso. (©NPK)
LES OGSÅ: Jentene får framleis betre karakterar