Høgre-nestleiar vil skrote full uføretrygd for folk under 30

Høgre-nestleiar Henrik Asheim foreslår at ingen under 30 år skal bli uføretrygda på heiltid. Tonje Brenna (Ap) stiller seg kritisk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Vi bør rett og slett seie at det ikkje er lov å uføretrygde menneske under 30 år. Altså at ein skal prøve andre ting, anten det er arbeidsmarknadstiltak eller aktivitetsplikt, for å sjå kor mange vi kan få tilbake, seier Asheim til NRK.

Det bør likevel vere unntak for openberre tilfelle, som folk som er uføre frå fødsel, seier Høgre-nestleiaren.

– Vi kan ikkje halde fram med å parkere ungdom. Eg trur mange fleire kan og har lyst til å bidra.

Nesten 22.000 nordmenn mellom 18 og 29 år er uføretrygda.

Brenna kritisk

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) er kritisk til forslaget.

– Fokuset mitt er på kva grep vi gjer for å få folk i jobb, og ikkje korleis dei som står utanfor arbeidslivet, skal ha det vanskelegast mogleg, seier Brenna til NTB.

Ho påpeikar at talet på unge på uføretrygd dobla seg under Erna Solbergs (H) tid som statsminister.

– Den trenden er vi nøydde til å snu. Regjeringa har allereie gjort mykje, mellom anna med ungdomsgarantien i Nav som skal sikre unge tett og tilpassa oppfølging heilt inn i arbeidslivet, seier Brenna.

– Dramatisk

Freddy André Øvstegård i Sosialistisk venstreparti meiner forslaget frå Asheim er dramatisk. Han trur det er betre å yte betre hjelp for at unge blir friske.

– Vi er nøydde til å få betre rehabiliteringsløp på plass, i tillegg til å sjå på kva forskinga seier at fungerer, mellom anna lønnsstøtte og arbeidsførebuande trening.