Rustenesta ber vaksne tenke over alkoholinntaket i jula.

Marius Myklebust, Møre-Nytt
Marius Myklebust, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Rustenesta i Ørsta vil ikkje vere moralpoliti, men oppmodar folk til å tenke over alkoholinntaket sitt i jula.

– Det skal veldig lite til før born merkar det når vaksne drikk alkohol. Born blir fort utrygge når vaksne oppfører seg rart eller annleis, seier Solrun Brenk Rønning, som jobbar i Rustenesta.

– Vi seier ikkje til folk at dei ikkje skal drikke alkohol, men at dei skal vere bevisste på kor mykje dei drikk.

LES OGSÅ: Få har helsegevinst av alkohol 

Meir alkohol i jula
Alkoholinntaket går opp i jula, og det er også fleire som kontaktar rustenesta i denne perioden.

– Finst det nokon regel om kor mykje ein bør drikke når det er born til stades?

– Nei, det varierer frå person til person. Men det vi veit, er at dei som er rundt ein person som drikk alkohol, merkar inntaket lenge før personen sjølv merkar det. Og det gjeld særleg born som er rundt personen.

Drikkepresset er større i jula enn elles, og det gjer tida vanskeleg for folk som har alkoholproblem eller er avhengige av alkohol.

– Det er mange arrangement i jula, og ofte er det forventa at «alle» skal drikke alkohol. Om ein ikkje drikk, føler mange at dei må forklare kvifor. Vi trur ikkje folk meiner noko vondt. Likevel vil vi oppmode til å akseptere at nokre seier nei takk til alkohol, fordi dei gjerne har ein god grunn til det. Den bør ikkje vere naudsynt å utdjupe.

LES OGSÅ: Må slutta å vera naive 

Problem
Brenk Rønning minner også om at alkoholproblem og å vere avhengig av alkohol ikkje er det same.

– Alkoholproblem oppstår når alkoholen påverkar relasjonen til andre menneske eller går utover daglegdagse oppgåver. Om ein del av familien ønskjer ei alkoholfri jul, medan andre ikkje kan feire jul utan akevitt, og det blir ein stor diskusjon av dette, så er det eit alkoholproblem. Og om borna blir utrygge fordi vaksne snakkar høgt eller oppfører seg rart når dei drikk, så er det også eit alkoholproblem.

Rustenesta oppfordrar folk til å tenke seg om før festligheitene tek til.

– Tenk over om du skal drikke og kor mykje. Dersom alle reflekterer over det, kan vi bidra til ei julefeiring som er triveleg for alle, med eller utan alkohol.

Born blir fort utrygge når vaksne oppfører seg rart eller annleis

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE