I dag vart samiske tastatur til smarttelefonar lansert. Leiaren i Noereh trur det kan føra til meir samisk på nett.

mm
Faktaboks

Divvun-prosjektet

Divvun-prosjektet vart etablert i 2004 og samarbeider nært med Senter for samisk språkteknologi ved UiT Norges arktiske universitet.

Divvun utviklar språkverktøy som elektronisk stavekontroll, korrekturverktøy og ulike programvarer for de samiske språka.

I løpet av kort tid lanserer Divvun ei løysing for talesyntese på nordsamisk, som gjer det mogleg å få lest opp samisk tekst frå nettsider.

Prosjektet vert finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og er eigd av Sametinget og departementet.

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det vil gjere det mykje enklare å bruke samisk på sosiale medier og i meldingar på telefonen, seier leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, Helge Aslaksen Ravna, som gler seg over at han endeleg kan få samisk tastatur til smarttelefonen sin.

LES OGSÅ: Vil ha faktisk jamstilling for samisk

– Bra for språkutviklinga
I dag lanserte nemleg språkteknologisenteret Divvun ein gratis app som leverer samiske tastatur til Android- og Iphone-brukarar.

– Smarttelefonen vert stadig viktigare for oss både privat og på jobben. Med samisk tastatur vert det enklare å kommunisere på samisk. Dette er bra for den enkelte og for utviklinga av dei samiske språka, sa sametingspresident Aili Keskitalo, då han lanserte appen saman med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Tastaturet støttar alle dei samiske språka som er i bruk i Noreg i dag, både nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. I tillegg kan tastaturet verte nytta av skoltesamiske, pitesamiske og enaresamiske brukarar.

Det er språkteknologisenteret Divvun ved Universitet i Tromsø som står bak tastaturet. Senter for samisk språkteknologi har bidrege i utviklingsarbeidet.

Kommunalministeren rosar det viktige arbeidet Divvun gjer.

– No gjer teknologien det enklare å bruka samisk som kvardagsspråk for mange, og eg vonar særleg ungdom tek i bruk det nye tastaturet, seier Sanner til NRK.no

LES OGSÅ: Snakk samisk t’mæ

Oppmodar til å lasta ned
Når Framtida.no snakkar med Aslaksen Ravna har han enno ikkje hatt høve til å testa ut appen, men det er noko han definitivt ser fram til.

Han er svært medviten på å bruka samisk der han kan, men fram til i dag har han vore nøydd å nytta både norsk, engelsk og finsk tastatur for å skrive meldingar på samisk.

Det er både tidkrevjande og tungvint.

– Dette gjer at det vil gå mykje fortare for meg å skrive meldingar på samisk, noko eg er veldig takksam for, seier Noereh-leiaren, som trur at samisken med dette er mykje nærare å erobre eitt nytt domene.

Aslaksen Ravna trur at den tungvinte tastaturløysinga som har vore til no, er ein av fleire grunnar til at samisk ungdom ofte vel å uttrykke seg på norsk framfor samisk i skriftlege meldingar til kvarandre.

Ein annan grunn trur ungdomsleiaren er at samisk ungdom er meir van med å lesa og skriva norsk, enn samisk. Difor vonar han å sjå meir samisk både på nett og i andre kanalar framover.

– Eg oppmodar alle som kan samisk til å lasta ned appen og å trena seg på å bruka samisk på nett, avsluttar Aslaksen Ravna.

Samisk tastatur kan lastast ned gratis i Google Play frå i dag og i Appstore frå måndag 15.desember. Etter kvart skal det oppgraderast med fleire moglegheiter, som stavekontroll.

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk


Slik vert tastaturet sjåande ut på iPhone. Foto: Divvun

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE