Studie: Studie: Unge som er opptekne av fasade i sosiale medium, har oftare dårleg psykisk helse

Ungdomsskuleelevar, særleg jentene, som er opptekne av korleis dei verkar i sosiale medium, har dårlegare psykisk helse og trivsel, viser ein studie frå FHI.

NPK-NTB
Publisert

Studien er gjennomført i samarbeid med Universitetet i Bergen.

1982 elevar i alderen 13–15 år vart plasserte på ein skala, basert på kor opptekne dei er av sjølvpresentasjon i sosiale medium. Skalaen heiter SPAUSCIS (Self-presentation and upward social comparison inclination scale).

Jo meir ungdommane tenkte på korleis dei verka i sosiale medium, desto lågare skåra både gutar og jenter i gjennomsnitt på psykisk velvære. Samanhengen var tydelegare for jentene.

– Dette betyr dei gutane som har størst fokus på dette, kan oppleva litt dårlegare psykisk velvære samanlikna med dei som har eit mindre fokus på korleis dei verkar, seier Jens Christoffer Skogen, seniorforskar ved FHI.

Forskarane understrekar at studien ikkje seier noko om årsakssamanheng. Det kan til dømes vera at dårlegare psykisk helse fører til at ein blir meir oppteken av korleis ein verkar i sosiale medium.

– Resultata understrekar behovet for målretta tiltak for å redusera sjølvpresentasjon og sosial samanlikning i sosiale medium, seier Skogen

Forslag til tiltak er auka bevisstgjering og kunnskap om korleis sosiale medium på ulike måtar kan påverka psykisk helse negativt, til dømes gjennom sosial samanlikning.