Mindre vald med sommarjobb

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mindre vald med sommarjobb

Ein jobb med oppfølging frå vaksne kan gje positive effektar på lengre sikt, melder Forsking.no, som først omtala studien.

LES OGSÅ: Dataspel reddar ungdommen

Kriminalitet, arbeidsløyse og fattigdom
Funna er gjort i Chicago, Illinois, der forskarar har følgt i overkant av 1600 ungdommar frå 13 ulike skular.

Elevane, som var i alderen 14-21 år, kom frå område i Chicago, som er hardt råka av kriminalitet, høg arbeidsløyse og fattigdom.

Dei fleste ungdommane var afroamerikanarar, ei gruppa som vert arrestert for vald fem gongar så ofte som kvite amerikanarar.

Om lag éin av fem ungdommar i studien hadde vore arrestert ein eller fleire gongar. Like mange hadde vore offer for kriminalitet.

Ein deltidsjobb på 25 timar i veka i åtte veker, viste seg å ha ein positiv effekt i over eit år på desse ungdommane.  

LES OGSÅ: Sommarjobb ledig som isbjørnvakt

Lågtløna
Arbeidet ungdommane fekk var alt frå parkstell til kontorjobbar. Løna var rundt 58 kroner i timen, tilsvarande den amerikanske minsteløna for personar over 18 år.

Alle fekk oppfølging frå ein mentor, som hadde ansvaret for tilsaman ti ungdommar.

16 månadar etter jobben var avslutta var dei som hadde hatt sommarjobb sjeldnare arrestert for vald enn dei som ikkje hadde jobba.

LES OGSÅ: Sommarjobb: Syden-testar

Framleis vinningskriminalitet
Men sommarjobben såg berre ut til å ha effekt på valdskriminalitet og verka ikkje førebyggjande på narkotika- og vinningskriminalitet. Det kan ha samanheng med at valdskriminalitet og vinningskriminalitet har ulike årsakar.

Ei forklaring er at vald heng saman med manglande sjølvkontroll og impulsiv aggressivitet.

Arbeidslivet kan gje dei unge sosial kompetanse, og læra dei mellom anna sjølvstende og impulskontroll, i tillegg til å handtera konfliktar på ein betre måte.

Jobbferdigheiter, nye kontaktar og at nokon brydde seg, kan vere andre ting som slo heldig ut.