I eit innlegg hos Studvest løftar Tommy Aarethun, leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB) vil ha ein dedikert stilling for læringsmiljø i Norsk Studentorganisasjon (NSO) sitt arbeidsutval. Ønsket kjem i samband med at Universitetet i Bergen no skal få eit eige studentombod som skal hjelpa studentar i vanskelege saker. 

No meiner Aarethun at tida er inne for eit større nasjonalt perspektiv i arbeidet, som han skriv i innlegget. Aarethun er sjølv læringsmiljøansvarleg ved Universitetet i Bergen.

– Eg meiner dette er noko som ville styrka studentane sitt læringsmiljø og ynskjer difor å løfta denne diskusjonen, skriv Aarethun i ein e-post til Framtida.no

– Ved å ha ein ansvarleg nasjonalt vil ein lettare kunne arbeida for å få på plass nasjonale forskrifter og regelverk.

LES OGSÅ: Internasjonale studentar får ikkje kontakt

Ser ikkje behovet
Aarethun tok opp spørsmålet under generaldebatten på landsstyremøtet for NSO i slutten av november, og fortet at responsen på forslaget ikkje var varm, sjølv om nokre var samde.

Leiar for NSO, Anders Kvernmo Langset, ser ikkje behovet for ei slik stilling nasjonalt.

– Me meiner at me ikkje treng ei eiga stilling for læringsmiljø. Det er eit viktig felt som me jobbar mykje med, men læringsmiljø går over fleire felt.

Kvernmo Langset fortel at han har diskutert dette med Aarethun personleg, med ein god tone.

– Vil han ta det opp, må han gå gjennom landsmøtet. Me jobba mykje med læringsmiljø ved førre landsmøte, og me meiner det ikkje er lurt skilla det ut som eit eige verv. Det er meir ein del av heile pakka, seier han.

LES OGSÅ:– Me er verdt den ekstra kostnaden

Lokalt problem
– Kva skal eigentleg ein nasjonalt læringsmiljøansvarleg gjera?

– Ein læringsmiljøansvarleg nasjonalt skal jobba opp mot nasjonale styresmakter for å fremja studentane sine interesser. Eg trur og at ein slik posisjon kan ha ein koordinerande rolle som vil styrka det viktige arbeidet som vert gjort lokalt, forklarar Aarethun.

– Men kan læringsmiljø generaliserast nasjonalt?

– Det er riktig at det viktigaste arbeidet for læringsmiljøet må gjerast lokalt. Likevel trur eg at eit større fokus på dette nasjonalt vil gjera arbeidet lokalt enklare. Større fokus nasjonalt er ikkje motstridande med godt arbeid lokalt, held Aarethun fram.

Han fortel at sjølv om stemninga var lunken denne gong, kjem han til å løfta spørsmålet på nytt ved eit seinare høve.

LES OGSÅ: Stoppa skulepengar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE