Andrea Sjøvoll, leiar i Press. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Andrea Sjøvoll, leiar i Press. Omsett til nynorsk av Anders Veberg

Andrea Sjøvoll er leiar i Press. Kronikken var først publisert hos NRK Ytring, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Over heile verda blir 17 år gamle Malala Yousafzai hylla for mot, klokskap og engasjement. Det er viktig, det er forten og det for oss til å stilla spørsmål ved våre eigne moglegheiter til å bli høyrt og å forandra.

Ved å vinna fredsprisen, og med det vaksen heider, har Malala Yousafzai rykka opp eit nivå. Ho er ikkje lenger ungdom eller ungdomsaktivist, men fredsprisvinnar. Alderen hennar blir trukke fram som noko positivt. Ho er først og yngst, og det imponerer.

LES OGSÅ: Fredsprisen til Malala

Me blir ikkje høyrt
Kvifor må norsk ungdom ropa dobbelt så høgt for å bli høyrt i det offentlege, sjølv i saker som gjeld våre eigne liv? Samtalar og debattar om ungdom blir ofte leia av vaksne, og gjennom forsking og teoretisering blir me redusert til ei homogen gruppe ein kan gi felles karakteristikkar og setja felles merkelappar på. Dette er ikkje eit nytt fenomen – ungdommen har alltid vore eit problem, og me var alltid betre før.

Ein reknar med at rundt 20 prosent av befolkninga i Noreg er «ungdommar», likevel er det altså fullt mogleg å setja merkelapp på oss. Det er lov å sei at rundt ein million av folket er heilt like. I realiteten er ungdom sjølvsagt like ulike frå kvarandre som alle andre, men ein ting har me til felles – me blir ikkje høyrt.

Test deg sjølv – Kva kan du om fredsprisen?

Vaksenekspertane er viktigare
Når me møter dei som bestemmer får me høyra at «det er så fint at me er engasjerte» eller «du forstår når du blir eldre». Me får ikkje uttala oss om korleis me meiner Noreg burde takla klimaendringane, kva asylpolitikk Noreg burde føra eller kvar kommunegrensene burde gå. Det vil me forstå, og kunne diskutera, når me blir eldre.

Ikkje eingong i diskusjonar om dagens ungdomsgenerasjon, som det har vore mange av i haust, får me den naturlege plassen vår. Den er tatt av vaksenekspertane. Ville ikkje dei skjønt det betre om dei var yngre?

I motsetnad til kva ein kan få inntrykk av gjennom media er norsk ungdom engasjert, akkurat som Malala. Fleire førstegongsveljarar nytta stemmeretten sin i 2013 enn i 1993, faktisk det høgaste talet sidan 1989.

Statistikk frå det siste året viser at det er aldersgruppa mellom 16-24 år som har skrive flest politiske innlegg på Internet, delteke i demonstrasjonar eller vore aktive i eit parti eller i ein organisasjon.

Sjølv kjenner eg uendeleg mange ungdommar som brukar store deler av fritida på å kjempa for barn og unge sine rettar, utan ei krone i løn. Likevel er «generasjon engasjement» ein merkelapp me må sjå langt etter – i staden har me fått «CV-generasjonen», «generasjon prestasjon» og «generasjon perfekt». Og ei separat debattside i Aftenposten.

LES OGSÅ: Dei viktigaste menneska

Må me vinna fredsprisen for å bli høyrt?
I Noreg er alder i stor grad eit hinder for deltaking. Engasjert ungdom kan ein oversjå, overhøyra, klappa på hovudet og seia «stå på!» til. Engasjert ungdom får ikkje stemmerett og blir ikkje kontakta av NRK Debatten. Om nokon framleis trur det er fordi me ikkje vil stemma og debattera, har dei gløymd å sjå seg rundt.

Norsk ungdom ønskjer å bidra i samfunnsdebatten og politikken. Me krev ikkje å bli tatt imot av Thorbjørn Jagland på flyplassen eller å få ståande applaus for alt me seier, men me vil bli tekne på alvor.

Fram til ein fyller 18 har ein så avgrensa med demokratiske verkemiddel at måten ein blir møtt på, er ekstra viktig. Utan stemmerett er ein nøydd til å påverka gjennom andre kanalar, og dimed avhengig av å bli sett og høyrt.

Så, politikarar og mediefolk – ikkje gløym ungdom når de ønskjer innspel, har spørsmål eller treng ei sterk stemme! Me er her, klare for å mønstra på som fullverdige deltakarar i samfunnsdebatten. Må me vinna fredsprisen for at det skal skje?

LES OGSÅ: Skipar anti-Malala dag

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57
ANNONSE