Det femte nobel-ekteparet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hausten vart snudd opp ned for May-Britt og Edvard Moser då nobelprisen i medisin vart offentleggjort. Plutseleg ville alle ha ein bit av ekteparet, som frå før av hadde stappfulle kalendrar.

– Det har vore masse førespurnader om foredrag, mykje meir enn vi kan handtere. Plutseleg har det vorte ei enorm interesse for det vi har halde på med, og det er veldig gøy, seier Edvard Moser då NTB møter ekteparet i Trondheim.

– Vi har ikkje begynt å bake julekaker, men vi er alltid sist ute. Det var slik då vi gifta oss også. Då kom vi same dag til butikken og spurde om dei hadde brudebukett. «Hæ? Det er jo slikt du bestiller tre månader i førevegen». Julefeiringa blir nok litt på sparket, smiler May-Britt Moser.

LES OGSÅ: Nordmenn vann nobelprisen i medisin

– Var ein virrekopp

Dei vaks opp på Sunnmøre. Far til Edvard var orgelbyggjar, mora jobba på kontor. May-Britt vaks opp på gard. Ingen i familiane hadde vore på eit universitet før, men begge skildrar miljøet i oppveksten som nysgjerrig og stimulerande.

– Det negative med det var at det tok lengre tid å finne ut av ting. Det positive var at ein lærte å gjere ting på sin eigen måte, forklarar Edvard.

Då dei bestemte seg for å studere psykologi saman, var dei framleis berre venner. May-Britt syntest dei tidlegare kjærastane hennar var «nokre latsabbar». Edvard var ambisiøs, oppteken av dei store spørsmåla. Allereie på denne tida såg dei føre seg ein karriere saman.

– Eg trur du var meir målretta enn meg, for eg var ein virrekopp. Etter gymnaset skulle eg bli alt. Eg kom inn på tannlegehøgskulen, eg skulle bli geolog, eg begynte på astronomi, seier May-Britt. Valet fall til slutt på psykologi.

– Då vi først kom inn på hjernen og det nevrale grunnlaget for åtferd, visste vi kva retning vi ville gå. Vi tenkte allereie då å gå inn i det same feltet og kanskje sette opp ein lab saman. Vi forsto at vi ville vere sterkare om vi gjorde det som to enn som ein, seier Edvard.

MoserNPK2

Signala frå hjernen til rotta blir forsterka og plukka opp av denne datamaskinen. Der kan Edvard og May-Britt Moser og forskarteamet deira i Trondheim sjå at dei ulike gittercellene «lyser opp», avhengig av kvar i rommet rotta oppheld seg. Foto: Ned Alley / NTB scanpix

LES OGSÅ: Desse har vunne Fridthiov Oos' legat

Indre GPS

På universitetet vart dei raskt interessert i hippocampus – ein stad i hjernen som ein allereie då visste bidrog til minne og stadsforståing. May-Britt og Edvard ville finne ut av korleis hippocampus var kopla til åtferd. Til slutt fant dei gridcellene – på norsk gittercellene – den indre GPS-en som blir aktivert på ulike stader i eit rom.

– Etter at vi fann desse gittercellene og fann ut av korleis dei var organiserte, så kom det eine etter det andre. Det er litt tilfeldig at vi kom inn i det, forklarer Edvard.

Paret publiserte den første artikkelen sin saman før dei var ferdige med hovudfagsoppgåva. Sidan har lista over artiklar i verdsleiande tidsskrift vorte lang. Forskinga er heidra med det meste som er av prisar innan feltet. No også den aller gjævaste.

Men nobelprisen har aldri vore noko mål i seg sjølv, forsikrar paret. Dei ser difor ingen grunn til å forandre på noko etter å ha vorte det femte nobelekteparet i historia, og har ingen planar om å reise frå laben og miljøet dei har bygd opp på NTNU.

– Vi har opna opp ein boks med ein del diamantar i. Det står att mange spørsmål, som det sikkert tek ti-femten år å finne svar på. Når ein finn ut av noko i forsking, kjem det ti nye spørsmål. Er det eit bra funn, er det ti gode spørsmål, seier Edvard.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Utanfor komfortsona

I veka som kjem skal dei to heidrast saman med mentoren John O'Keefe for oppdaginga av gittercellene, med prisutdeling, bankett og gallamiddag. Dei gler seg – men kjem til å vere eit godt stykke utanfor komfortsona.

– Eg trur det blir ei intens veke, men det er jo stas. Eg gler meg veldig, samtidig som eg veit at eg kjem til å bli veldig sliten. Det er fantastisk at dei legg så mykje arbeid i å gjere det til ei oppleving for livet, seier Edvard.

May-Britt har studert videoar frå tidlegare seremoniar.

– Eg brukar ikkje å tenkje så mykje på kva eg skal ha på meg. Og Edvard som hatar slips, han kjem til å slite. Det er ikkje vår stil. Men det blir kjempegøy, trur eg. Når angsten har lagt seg. (©NPK)

LES OGSÅ: – Lær eit språk – hald hjernen yngre