(NPK-Margunn Sundfjord):
(NPK-Margunn Sundfjord):

Både språksamlingane og Norsk Ordbok er i dag ved Universitetet i Oslo, men UiO har gjort det klart at dei ikkje lenger kan ta hand om dette arbeidet. Det har allereie kome forslag om å flytta samlingane til Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda.

Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) gjennomfører no sonderingsmøte med ulike partar for å finna fram til det dei meiner er den beste løysinga for språksamlingane og Norsk Ordbok.

– Vi har teke kontakt med dei som gjennom media eller på annan måte har signalisert interesse for språksamlingane til UiO. Vi har allereie hatt eit møte med Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda. Vi skal også ha eit møte med Universitetet i Bergen og med Kunnskapsforlaget som òg har signalisert interesse. I tillegg skal vi ha eit møte med Nasjonalbiblioteket, seier instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved ILN til Nynorsk pressekontor.

LES OGSÅ: Styreleiar for Norsk Ordbok går i protest

Frir til Nasjonalbiblioteket
Han legg til at Nasjonalbiblioteket ikkje har signalisert interesse gjennom media.

– Der har Universitetet i Oslo sjølv teke eit initiativ og bede om eit møte. Bakgrunnen for dette er at det i Stortingsmeldinga Mål og meining for 2009 står ganske klart kva rolle Nasjonalbiblioteket kan tenkjast å ha i forvaltninga av denne typen ressursar, seier han.

LES OGSÅ: Ingen vil ha Norsk Ordbok

– Manglar pengar
– Kan det vera eit alternativ at språksamlingane blir verande ved Universitetet i Oslo, sjølv om Universitetet har vedteke å avvikla dette arbeidet?

– Eg innrettar meg etter det vedtaket styret for det instituttet eg leier, har gjort. Slik det er no, finst det ikkje pengar ved universitetet til å driva dette vidare.

– Viss samlingane skulle ha blitt verande ved UiO, måtte me ha prioritert bort noko anna. Skal ein gå inn i dette og driva det på ein fagleg forsvarleg måte, kostar det pengar, og det er pengar som UiO ikkje har, seier Kristoffersen.

Så lenge diskusjonane med potensielle overtakarar går føre seg, vil Kristoffersen ikkje seia noko om kva han meiner er den beste løysinga. Men han er svært glad for at Nynorsk kultursentrum med forslaget sitt har sett ein prislapp for kva det vil kosta å driva språksamlingane og Norsk Ordbok vidare.

LES OGSÅ: Krev trygg hamn for språksamlingane

Departementa ventar på sonderingar
Etter at sonderingsmøta er avslutta reknar instituttleiaren med at UiO vil ha danna seg eit bilete av potensielle overtakarar.

– Kven er det som bestemmer dette til slutt?

– Det er vanskeleg å seia. Både Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet er involverte i saka, seier instituttleiaren. Han fortel at universitetet skal ha eit møte med departementa etter at sonderingsmøta er ferdige.

– Men det betyr ikkje det same som at det blir teke ei avgjerd då.

Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag stadfestar i ein e-post til Nynorsk pressekontor at dette møtet blir viktig for det vidare arbeidet.

«Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet avventar no resultatet av det arbeidet UiO er i gang med, med sikte på å finna gode løysingar for språksamlingane og Norsk Ordbok», skriv statssekretæren. (©NPK)

LES OGSÅ: Aschehoug laga berre tentamen på bokmål – så snudde dei.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57
ANNONSE