Punkterer myten om at vin er godt for helsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er faktisk ikkje sunt

Mange har i lang tid rekna det som nærast ei etablert sanning at edrueleg inntak av alkohol er godt for helsa. Men påstanden om at eit glas raudvin i ny og ne førebyggjer hjarte- og karsjukdommar er heilt klart ein myte, konkluderer studien, ifølgje Svenska Dagbladet.

LES OGSÅ: Få har helsegevinst av alkohol

Godt og triveleg, men.
– Alkohol kan vere godt og triveleg, men det går ikkje an å påstå at det er godt for helsa. Det er det ikkje, uansett kor mykje eller lite vi drikker, seier Sven Andréasson, professor i sosialmedisin og overlege ved avrusingsklinikken Beroendecentrum Stockholm.

Saman med fem andre forskarar frå USA, Canada, Australia og Sverige har han på oppdrag frå den svenske legeforeininga og avhaldsorganisasjonen IOGT-NTO undersøkt eksisterande forsking om effekten av moderat alkoholinntak.

LES OGSÅ: Roten fisk mot røyksug

Framleis overbevist
Forskargruppa meiner ein kan slå i hel påstanden om at lågt eller måteleg alkoholinntak har førebyggjande effekt på hjarte- og karsjukdommar, diabetes eller andre sjukdommar.

Professor Bengt Fagrell ved Karolinska Institutet er ueinig med kollegaen. Han er blant dei som i mange år har hevda at eit glas vin eller to dagleg, er godt for helsa, og det er han framleis overbevist om. (©NPK)

LES OGSÅ: Færre ungdommar ruser seg