Elevorganisasjonen fryktar skulerangering
I år er fyrste gong resultata frå nasjonale prøvar vert offentleggjort på skulenivå. Elevorganisasjonen fryktar stempling av «tapar- og vinnarskular».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar skulerangering
I dag vert resultata på nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk for 8. og 9. trinnoffentleggjort. Neste veke kjem resultata i dei same ferdigheitene for 5. trinnet.
LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk
«Vær varsom-plakat for nasjonale prøver»
Nytt av året er at regjeringa har gått inn for at resultata skal offentleggjerast på skulenivå.
Det er Elevorganisasjonen skeptiske til. Dei fryktar at media skal rangere «tapar- og vinnarskular».
– Me har sett tendensar til det før, og fryktar det vil skje i enno større grad no som informasjonen vil bli enno lettare tilgjengeleg, seier leiar Benjamin Skiaker Myrstad til NTB.
Organisasjonen har difor utarbeidd sin eigen «Vær varsom-plakat for nasjonale prøver», inspirert av pressa sine eigne etiske rettesnorer. Slik vil Elevorganisasjonen informere om fallgruvene pressa bør styre unna.
I det første av i alt fire punkt minner Elevorganisasjonen om at resultata på nasjonale prøvar seier lite om kva undervisning elevane får.
LES OGSÅ: Gjer det dårlegare med mykje prøvar og lekser
Fryktar nedgåande spiral
Elevorganisasjonen er ikkje imot nasjonale prøvar, men fryktar at offentleggjeringa kan føra til unaturleg segregering mellom skulane.
– Me fryktar at foreldre som planlegg flytting i stor grad vil la seg påverke av slike rangeringar, og flytte til det som i media framstår som den beste skulen. Då kjem ein raskt inn i ei utvikling med eliteskular og taparskular. På skular som blir hengt ut som dårlegare, vil ein kunne få stadig færre elevar og dermed midlar, slik at desse skulane kjem i ein nedgåande spiral, seier Myrstad til NTB, og legg til:
– Dette er informasjon som først og fremst burde gå til skulemyndigheitene. Men når situasjonen er som den er, manar me norske mediehus om å vere seg sitt ansvar bevisst.