Vil ha livsmeistring inn i skulen

KrFU ynskjer at skulen skal legga til rette for at unge kan meistra eige liv betre.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om norsk skule i hovudtrekk er god, finst det òg fleire utfordringar i utdanningsløpet. Mellom anna har talet på «dropouts» og elevar som ikkje taklar skulegongen auka. Årsakene til slike problem er mange og samansette, men trenden er at ungdom opplever det vanskeleg å meistra livet og kvardagen, seier Ingrid Marie Hildrum, leiar i Nord-Trøndelag KrFU.

Landsstyret til KrFU vedtok i helga ein resolusjon der dei går inn for å innføra ordninga «Livsmeistring i skulen» i grunnskule og vidaregåande opplæring og bruka ekspertisen til yrkesgrupper utanfor skulen til å undervisa og gi råd til elevar i tema som rus, mobbing, økonomi, ernæring, fysisk og psykisk helse.

LES OGSÅ:Mindre rus, meir stress

I resolusjonen heiter det mellom anna:

– Stadig fleire unge oppgjer at dei er einsame og manglar fortrulege vener eller vaksne å snakke med når dei treng gode råd, trøyst eller rett og slett berre ein samtalepartnar. Ein kombinasjon av prestasjonspress, «tidsklemma», overfokus på utsjånad og forventingar om at ein må vere oppdatert til ein kvar tid, kan lett medføre høgt stressnivå, konsentrasjonsvanskar, låg sjølvtillit og eteforstyrringar. Nyleg kom ein omfattande rapport som viser at godt og vel éin av fem ungdomar slit psykisk. Andre store utfordringar som òg bør nemnast er dårleg privatøkonomi, mobbing, mangel på god fysisk helse og grenser knyta til rus og seksualitet. KrFU ynskjer å gjere noko med dette.

– Ein har lenge prøvd å få inn desse temaa i ulike fag, men utan store resultat. Dette skuldast mellom anna av at elevane har meir enn nok med å koma gjennom pensum og at lærarane manglar utdanning og kompetanse på områda, seier Ingrid Marie Hildrum, som skreiv utkastet til resolusjonen. Ho er glad for å få med seg ungdomspartiet på dette.

KOMMENTAR:Livsmeistring i skulen

No håpar ho å få med seg Nord-Trøndelag KrF på å programfesta dette tiltaket:

– Sjølv om ikkje programmet har blitt vedtatt på årsmøtet vårt enno, så er det mest sannsynleg at «Livsmeistring i skulen» blir ein av valkampsakane for Nord-Trøndelag KrF. Frå hausten 2015 ynskjer eg at dette blir praktisk politikk i fylket mitt.

KrFU meiner at å pålegga lærarane endå fleire kompetansemål og krav til undervisninga ikkje er vegen å gå.

KrFU meiner livsmeistring bør setjast på timeplanen. Gjennom nokre skuletimar i månaden kan elevane få undervisning i tema som angår dei i kvardagen. Samstundes har dei ein arena til å koma med spørsmål og refleksjonar, kor ikkje fagleg vurdering står i fokus.

LES OGSÅ:– Norsk ungdom har det sjukt bra