1. desember er verdas AIDS-dag. Framleis er det mykje stigma og lite kunnskap knytt til sjukdommen. Kvar kom det frå, og kor farleg er det i dag?

Først av alt – kva er HIV, og kva er AIDS?

HIV står for «Human Immunodeficiency Virus», medan AIDS star for «Acquired immune deficiency syndrome». Kort forklart – HIV er eit virus som går til angrep på immunforsvaret ditt, og AIDS er sjukdommen du får når immunforsvaret er svekka nok – det som til slutt er dødeleg.

Professor II ved infeksjonsmedisinsk avdeling på Universitetet i Oslo, Dag Kvale, er ekspert på feltet, utdjupar.

– AIDS er berre ein måte å klassifisera eit stadium i HIV-infeksjonen der pasienten har alvorleg immunsvikt. Poenget med AIDS-omgrepet var å laga eit anna enn "død", og var ein gong viktig i kliniske studiar. I dag er AIDS-omgrepet lite nyttig, og bør etter mi meining brukast minimalt, seier Kvale.

LES OGSÅ: AIDS-epidemien kan bli stogga

Er det like farleg i dag?
Då sjukdommen eksploderte på 80-talet vart det raskt eit frykta virus – mest av alt fordi det ikkje fanst nokon kur eller vaksine. Me har framleis ikkje nokon vaksine mot HIV, men med rett behandling kan ein hindra at HIV reproduserer seg og spreier seg i kroppen.

Men betyr dette at HIV er mindre farleg?

– HIV er like "farleg" som før, og er ein langsam pandemi med lang inkubasjonstid, rundt sju år i snitt, med smittefare i denne tida om HIV-infeksjonen er ubehandla. I ressurssterke land kan du får veldig effektiv, livslang behandling som hindrar at viruset spreier seg i pasienten.

Kvale trekk fram to risikogrupper for HIV.

– Dei områda i verda med mykje HIV og behandling blir tilbudd i liten eller ingen grad, og personar i ressurssterke område som ikkje veit dei er HIV-positive. For begge er det to viktige faktorar – utbreidd testing og å tilby effektiv HIV-behandling.

LES OGSÅ: Verdsmeistrar i ubeskytta sex

Patient Zero
Men kvar kjem HIV frå?

Podcasten Radiolab tek mellom anna føre seg pandemiar i ein episode dei kallar "Patient Zero" – og det er i AIDS-pandemien me finn den faktiske Patient Zero, eller i alle fall han som fekk tittelen først.

Då AIDS spreidde seg, jobba forskarar knallhardt med å finna ut kva opphavet var. Etter prøving og feiling landa dei på at det var ein seksuelt overførbar sjukdom, og såg nærare på ei gruppe homofile menn i San Francisco, New York og Los Angeles – for å finna ut kven som hadde hatt sex med kven.

Resultatet, fortel forfattaren David Quammen til Radiolab, var ei oversikt med sirklar og linjer – ei oversikt over seksuell aktivitet mellom desse gruppene. Sirklane var pasientar, linjene var sex – og ein sirkel synte seg å vera episenteret i det heile. Patient Zero, vart han kalla.

LES OGSÅ: Overlevinga varierer mellom sjukehus

Eigentleg heitte han Gaëtan Dugas – fransk-kanadisk flyvert med ein enorm seksuell appetitt og ekstrem sjarm, som visstnok hadde hatt sex med fleire tusen menn over heile verda. I boka «And The Band Played On» frå 1987, vart han identifisert med namn og historia vart fortalt.

I boka står det mellom anna at Gaëtan Dugas, som sjølv døydde i 1984, etter kvart tok diagnosen sin og beskjeden om at han hadde smitta så mange på ein destruktiv måte. Han heldt fram som før, ifølge boka, og når sola sto opp sa han til partnaren sin; «I have gay cancer. Now you do too». Boka har seinare blitt skulda for å vera for sensasjonshungrig, og historiane om Dugas har blitt noko tona ned.

Det som har blitt mest nedtona er sjølve tittelen – Patient Zero. For HIV starta ikkje hos ein flyvert frå Canada.

LES OGSÅ: Angrepille vert brukt som prevensjon

Ein uheldig jeger
Mest truleg starta det i Afrika, blant sjimpansar i Kamerun, blir det sagt i same Radiolab-episode. Dette skriv og National Geographic. Dette konkluderte eit internasjonalt forskarteam med i 2006, då dei fann SIV-viruset, ein forgjengar til HIV-viruset, i ville sjimpansar.

Det var SIV-viruset som etter mange ekstreme tilfeldigheiter hoppa over til menneskja og vart HIV.

Så – korleis går det føre seg? Lars Kvale ved UiO forklarar.

– Me lever i nærkontakt med dyr – jo enklare me lever, jo tettare kontakt har me og sjansen blir større for smitteoverføring. Med HIV skjedde det mest truleg gjennom jakt eller slakting, forklarar Kvale.

– Som oftast er viruset «kravstort», og kan berre smitta ein celletype, til dømes lever, hos ein art, legg han til.

For virus fungerer slik: Dei har «reseptorar» – mottakarar som gjer at det berre er ei avgrensa grupper celler den kan festa seg til. At viruset festar seg, er første steget i smitten. Så kjem eit virus seg inn i cella – der formeirar det seg, og får cella til å kopiera viruset og spreia seg.

HIV er ikkje det einaste dømet der ein sjukdom har spreidd seg frå eit dyr til menneskjer, og frykten for dette er konstant – fugleinfluensa

– Det pussige er at det ikkje skjer oftare, legg Kvale til, og held fram.

– Eit overført virus er rett nok ikkje det same som at mennesket blir sjukt, men ein sjeldan gong kan ei slik overføring gi større sjukdom enn hos vertsdyret, slik det er med HIV-1.

For sjimpansane blir ikkje sjuke av SIV slik me blir av HIV.

LES OGSÅ: «Homo-liste» i alle bispedøme

#bryttausheten
Sjølv om me i dag veit mykje meir om sjukdommen og har funne gode behandlingsmetodar mot HIV, heng det igjen mykje stigma rundt sjukdommen. I år går blant andre Skeiv Ungdom i spissen for openheita, mellom anna ved å bruka emneknaggen #bryttausheten og å dekorera store delar av Oslo med raude skjerf.

Kvifor kan me enno ikkje snakka opent om HIV?

– Stigma er ikkje spesifikt for HIV, men er eit fellestrekk ved mange smitteførande infeksjonar som tuberkulose og lepra. Det har nok fått eit ekstra stigma her i Vesten fordi me lenge har hatt kontroll på ein del av dei andre infeksjonane, seier Lars Kvale.

Men fleire blir flinkare til å snakka opent om det – mellom anna på nettsamfunn som Reddit – og i dag har mellom andre helseminister Bent Høie gått med raudt skjerf for å oppmoda om det same.

LES OGSÅ: Framleis problematisk å vera open

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE