– Kunne eg klart å leva slik?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tek over suksessen

Det var nesten ærefrykt involvert då Arve Uglum frå Sogndal først høyrde rykta om at han vart vurdert som etterfølgaren til Oddgeir Bruaset i det uforklarleg populære programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Programmet, som fleire gonger har hatt over ein million sjåarar, har på mange måtar vore knytt opp til veteranen Bruaset, som no går av med pensjon.

– Både og, han og dei aller fleste andre tenkte at det var slutten på programmet. Det er så sterkt knytta til han at det var ikkje noko poeng i å ta det vidare, seier Uglum når han startar historia om korleis han fekk oppgåva.

– Eg fekk nokre hint om at dei diskuterte meg som ein arvtakar. Eg tenkte dei ville laga noko i same ånd, med same grunnideen om gjenstridige, sjølvberga menneskje med sterke visjonar om korleis dei vil leva livet sitt.

 Etter kvart skjønte han at det ikkje var noko nytt konsept – Uglum skulle, saman med kompanjongen Torje Bjellaas, ta vidare det same programmet, med same tittel.

– Kvifor ikkje, tenkte Uglum.

DISTANKB

Denne muren, som Uglum trur ligg Ullensvang, skal vera med vidare. Men den skal filmast på nytt av Uglum og kompanjongen Torje Bjellaas. – Det blir same, but different, seier Uglum. Foto: NRK

LES OGSÅ: Ida (19) har budd eitt år i ei hole

Den uforklarlege populariteten
No om dagen driv Uglum med det han kallar den «frustrerande innesittinga». Han er ikkje skapt for å sitta inne, seier han, og klør i fingrane etter å komma seg ut  på opptak.

– Er du bekymra for at programmet blir mindre populært utan Oddgeir Bruaset?

– Sjølvsagt. Dette er hans idé og visjon. Det einaste eg kan gjera er å ta vare på grunnelementa og laga eit program på same måten. Dette blir eit program utan Oddgeir Bruaset.

Det er vanskeleg å setta fingeren på nøyaktig kva som gjer «Der ingen skulle tru» så populært. Det kan sjølvsagt vera at Oddgeir Bruaset har drive med svart magi og hypnose i 12 år, men Uglum har andre teoriar.

– Eg trur alle som ser dette programmet vil få ei undring i seg – kunne eg klart å leva slik? Dei aller fleste vil aldri gjera det, men me vil gi andre ein sjanse til å drøyma seg inn i tilværet som ein aldri vil hamna i, forklarar Uglum bestemt.

– Det er i alle fall grunnen til at eg likar det, legg han til, noko meir forsiktig.

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Historia betyr noko
Arve Uglum sit tydeleg med enorm respekt for forgjengaren sin. Oddgeir Bruaset vart kjend for å ha ein spesiell stil. Han skulle ikkje ta for mykje plass, han tok seg god tid, og sette menneskja og historiane i fokus.

– Han fortel historia om dei, ikkje historia om at dei møter han, seier Uglum om stilen.

– Han er gamleskulen i NRK, og det er på mange måtar eg og, legg han til.

– Eg lurer endå på korleis eg skal gjera det. Mi løysing så langt er å gjera det i endå større grad. Eg trekk meg tilbake og let overlet historia til det historia handlar om. I alle program eg har laga til no har eg vore heilt usynleg. Eg har ikkje gått med mygg eingong. No gjer eg det, det er litt uvant.

Menneskja er i fokus, og folka han møter skal vera folk han likar.

– Me er glad i originalar, men me vil ikkje ha tullingar. Me viser alltid stor respekt for dei me filmar, og då handlar det om å finna nokon du veit du kan respektera.

Arve-Uglum2

No driv Arve Uglum med det han kallar «den frustrerande innesittinga». Snart skal han ut på intense veker med opptak over heile landet. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Ærespris til Oddgeir Bruaset

– Det er ikkje eg
Han vil ikkje snakka så mykje om kjendisstatus og slike ting.

– Eg er ikkje heilt komfortabel med å bli kalla programleiar. Dette er eit nesten programleiarfritt program. Eg ser på meg sjølv mykje meir som produsent og regissør. Det er ikkje eg som lagar programmet, det er meg og Torje.

Igjen kjem Uglum tilbake til kompanjongen Torje Bjellaas, som ikkje kan få nok skryt av Uglum.

– Som fotograf er han unik, eg veit ikkje om nokon i verda eg heller ville hatt med meg. Det skulle vore forska på den mannen der. Han tåler så mykje slit, kulde og motstand, og leverer likevel. Me var i Sunndalen i fjor og filma om vinteren i 30 effektive kuldegrader. Buffen min var fastfrossen i ansiktet mitt. Då dreiv han og fikla med kameraet og metall utan hanskar, fortel Uglum med entusiasme.

– Eg trur at dersom dette går bra, så er veldig mykje av skryten eg kjem til å få for han sitt arbeid.

Kva gjer at de to fungerer så godt saman?

– Det han seier er at eg alltid heng i kjeften på folk, så han får god tid til å skifta linser og slikt, seier Uglum og ler. Høgt.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Det blir berre verre

Tidleg i leiken
– Kjem du til å halda på med dette like lenge som Bruaset gjorde?

– Eg veit ikkje. Det kjennest ikkje slik akkurat no. Å driva med ein ting i 12 år, det er lenge. Men kven veit? Den første føresetnaden er jo at me får lov til å halda på så lenge.

No skal han snart komma i gang med 6-7 intense veker med opptak, før det kjem nye 6-7 veker med opptak på vårparten. Når programmet skal på lufta vil Uglum gjera det likt, men annleis.

– Det blir same kjenningsmelodien, men me har bestilt nyinnspeling. Og så blir det den same muren, som eg trur ligg i Ullensvang, den skal me ta nye bilete av. Det blir same, but different, seier Uglum.