Det er 20 år sidan folkerøystinga om EU. Kva skjer no?

28. november 1994 gjekk nordmenn til stemmelokala, splitta omtrent på midten i spørsmålet om Noreg skulle bli ein del av EU.  Eit fleirtal sa nei den gongen. Kva har endra seg, og kva ville resultatet blitt i dag?

LES OGSÅ: To nei og ein kamp som held fram

Medan nokon vurderer omkamp, og andre skriver bøker, viser ei fersk meiningsmåling at så mykje som 74 prosent ville sagt nei til EU i dag. Samstundes innførte me EU-direktiv nummer 10 000 i lovverket vårt i haust.  Leiarane for Europeisk Ungdom og Ungdom mot EU deler sine tankar om kva som har endra seg, og korleis dei ser på kampen i dag.

Dette meiner Ja-sida
– Noreg har aldri vore tettare knytta til EU enn det me er i dag, både formelt, politisk og for så vidt kulturelt, svarar Europeisk Ungdom-leiar Nikolai Fjågesund.

– Dette ser me spesielt gjennom at me innførte EU-direktiv nummer 10 000 i norsk lovverk nyleg, held han fram.

Det skjedde i slutten av september, då 60 nye EU-reglar kom inn i EØS-avtalen. Gjennom den har Noreg tatt til seg så mykje som 10 000 lovar og direktiv, utan å vera medlem i EU.

– Me kjem nærare og nærare EU kvar dag, utan å ha nokon diskusjon rundt det, seier ja-mannen Nikolai Fjågesund.

– Eg meiner det er eit paradoks at ingen i Noreg under 37 år har fått seia si meining om denne saka. Eit anna aspekt er at det blir berre mindre og mindre EU-debatt, trass i integreringa. I 1994 var ja- og nei-sida like store, og diskusjonen var levande. Slik er det ikkje i dag, held han fram.

Det er ein annan ting som bekymrar Fjågesund.

– EU-kunnskapen til norske elevar og studentar er kritisk låg. Det er eit problem med tanke på å legitimera Noreg si tilknyting til EU i dag.

– Kva er det viktigaste Ja-argumentet i dag?

– At grenselause utfordringar krevjer grenselaust samarbeid. I ei verd som blir stadig meir globalisert har Noreg alt å tena på – samt eit ansvar for – å samarbeida med dei næraste naboane våre.

LES OGSÅ: På nikk med makta

Dette meiner Nei-sida
Leiar av Ungdom mot EU, Bjørn Ola Opsahl, er – sjølvsagt – ikkje einig i det.

– Udemokratisk, svarar han kontant når han blir bedd om å oppsummera forholdet mellom Noreg og EU i dag.

– Hovudsaka i dag er EØS-avtalen. Der har Brussel sine avgjersler meir å seia for Noreg enn me har sjølv, held han fram.

Han tykkjer det er direkte merkeleg at me har latt 10 000 EU-direktiv komma inn i norsk lovverk, utan å seia nei.

– Me har ikkje brukt moglegheita i EØS-avtalen til å styra oss sjølve. Me har sagt ja til alt som har komme, utanom ein gong.Til og med Høgre er ikkje for 10 000 forslag som kjem frå Høgre sitt sentralstyre, likevel seier me ikkje nei. Eg trur det handlar om at ja-sida trur at det å seia nei er eit tap i EU-kampen.

– Kva er det viktigaste Nei-argumentet i dag?

– Det er jo at ein vil styra sjølv, og at ei tru på at ein styrer best med nærleik til folket, og eit demokrati der folket har moglegheit til å påverka. Fleire og fleire i EU meiner det er udemokratisk, seier Opsahl.

LES OGSÅ: Lost in translation

Kva no?
Ein ting er dei to leiarane samde om. Dersom Noreg skulle hatt ei spontan folkerøysting i dag, hadde svaret blitt det same som i 1994 og i 1972 – Nei.

– Klart nei, seier Bjørn Ola Opsahl.

– Folk i Noreg har eit ønskje om å styra seg sjølv, og meiner det er bra for deira kvardag. Dei vil vera solidariske, miljøvennlege og vil bry seg om velferden til folk flest – då må me styra sjølv gjennom eit levande demokrati.

Europeisk Ungdom-leiaren Nikolai Fjågesund ser det litt annleis.

– Med ei brå avstemming i morgon trur eg svaret ville blitt nei. Men om me hadde hatt ein reell debatt i mellomtida, der ein fekk lagt fram fordelar og ulemper på ein objektiv måte, trur eg me ville fått eit ja-fleirtal no. Om nokre år, sjølvsagt, seier han.

Han har tru på omkamp, men ikkje heilt med ein gong.

– Om eg skulle gjetta forsiktig og optimistisk vil eg seia me kan få ein omkamp i løpet av dei fem neste åra, seier Fjågesund.

LES OGSÅ: Europeisk Ungdom har fått stemmerett i EU

Den gong då
Då ja-sida og nei-sida mobiliserte sist gong, vart det ein heit debatt. Noreg skil seg ut på dette feltet – me er det einaste landet som har hatt sjansen til å vera med i EU, og me sa nei. Me gjorde det til og med to gonger. Historia om EU-kampen i Noreg kan du læra meir om i dokumentaren «Nei og atter nei – Norge og EU i 50 år» som ligg på NRK nett-TV.

Og kva gjorde Nikolai Fjågesund (23) og Bjørn Ola Opsahl (21) under førre folkrøysting?

– Då var eg litt over eitt år og ein månad gamal, så eg hugsar ikkje så mykje, seier Nei-mannen Opsahl.

– Men mor mi har forsikra meg om at eg var i stemmelokalet. Så eg var med den gongen og, sjølv om det ikkje var så bevisst.

– Eg var ikkje i Noreg eingong då, svarar Ja-mannen Nikolai Fjågesund, som er halvt tysk og har tysk statsborgarskap.

– Eg og familien var i Tyskland på den tida, så eg var faktisk i EU, legg han til.

Kva veit du om EU? Ta quizen vår her

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE