Studentar i rekordlang psykologkø
Aldri før har så mange studentar teke kontakt med psykologen til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) fordi dei slit psykisk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekordlange psykologkøar
I september tok i overkant av 200 nye bergensstudentar kontakt med Studentenes psykiske helseteneste. Det er ny rekord. I tillegg kjem dei studentane som allereie går i behandling.
– Vi ser ein aukande pågang frå studentar som søkjer hjelp hos oss, stadfestar psykolog ved SiB Øystein Sandven til Bergens Tidende.
LES OGSÅ: Studentane slit, fleire krev handling
Tøff semesterstart
Talet på studentar som søkjer psykologhjelp har auka dei siste åra. I fjor tok 1200 studentar kontakt med Studentenes psykiske helseteneste. Pågangen har vist seg å vere størst i byrjinga av semestera.
– Kvifor det er slik, vet vi ikkje sikkert. Noko av forklaringa kan liggje i at mange kan oppleve problem når dei skal etablere seg i eit nytt studentliv, skaffe eit sosialt nettverk og gå i gang med studium, seier psykolog Øystein Sandven til BT. (©NPK)