– Ingen høgskular skal stå att åleine, åtvara kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) under ei samling i Bergen førre veke.

Rune Sæbønes, Møre-Nytt
Rune Sæbønes, Møre-Nytt

Røe Isaksen møtte representantskapet i Universitets- og høgskolerådet (UHR), og der gjorde han det heilt klart at det vert ein ekstrarunde for høgskulane på Vestlandet om framtidig struktur.

Røe Isaksen er nemleg ikkje nøgd med dei svara som har kome inn.

LES OGSÅ: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil stå åleine – kan bli tvangsfusjon

Kallar inn på nytt
– Vi kjem til å kalle inn utdanningsinstitusjonane på Vestlandet, frå Bergen til Molde, til nye samtalar om struktur i desember, sa Røe Isaksen ifølgje nettstaden Khrono, som er nettavisa til Høgskulen i Oslo og Akershus.

Røe Isaksen og Kunnskapsdepartementet inviterte høgskulane og universiteta tidlegare i år til å vere med på ein strukturdebatt, og han bad om forslag på korleis høgskulane og universiteta såg føre seg korleis den framtidige strukturen på høgare utdanning i Noreg skal verte.

LES OGSÅ: Avviser samanslåing av høgskular

Volda vil vere åleine
Styret ved Høgskulen i Volda sende sitt svar tidlegare i haust. Det var som nummer punkt ein at skulen helst ville ha det som no, altså stå åleine. Som andre prioritet sa styret at Høgskulen i Volda kunne vere med i eit samarbeid mellom høgskulane i Møre og Romsdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dette har Røe Isaksen notert seg, og på møtet i Bergen førre veke oppfordra han høgskulane om å droppe tanken på åleinegang og vurdere løysingar med fusjonar som dei har som 2. og 3.-prioritet i sine innspel.

– Vi tenker i den retning, sa han, og bad vestlendingane om at dei måtte ha alternativa for løysingar i Nord-Noreg og det som ser ut som ein ny struktur på Austlandet i tankane og sjå om dette vil påverke framtidig struktur og institusjonane si framtid på Vestlandet.

– Ingen små skal stå åleine att, åtvara Røe Isaksen.

Statsråden minna også om innføringa av femårig master i lærarutdanning frå 2017.

– Framtidas høgskolar må vere robuste nok til å kunne tilby heile lærarløpet frå 2017, men vi vurderer også ei løysing der ein til dømes kan ta master ein annan stad enn der ein tek bachelor’en, sa han.

Han minte også om at det ligg 75 millionar kroner og ventar på dei som har kome lengst i fusjonsførebuingane.

LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar

Artikkelen vart først publisert i Møre-Nytt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57
ANNONSE