Stortrivest på jobb hos Prix

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

– Eg likar meg veldig godt. Det er kjekt å rydda, og så stablar eg varer i hyller, seier Harald Håkonsen frå klasse 10D ved Bremnes ungdomsskule. Kvar tysdag i haust har han arbeidd i to timar ved Coop Prix. Med seg har han lærar Kari Sortland Vaula. Her skal han vera ein dag i veka resten av skuleåret.

– Harald er ein systemorientert kar. Han likar orden. Varene blir lagt sirleg på plass i hyllene, fortel ho.

LES OGSÅ: Den ubrukte arbeidsstyrken 

Får god attest
Butikksjef Marit Hollund er stornøgd med arbeidskaren ho får vitjing av kvar tysdag.

– Det er veldig koseleg å ha han her. Han er ein kjekk kar. Fin type, roleg, avbalansert og nøgd. Han er nøye med ting, jobbar godt, og har glidd fint inn i gjengen vår her ved butikken. Det er triveleg å ha han i arbeid for oss, meiner ho.

– Kva likar du best å jobba med når du er i butikken?

– Det kjekkaste er å leggja varer på plass, fortel Harald Håkonsen.

– Elles likar eg potetskruar best, smiler 15-åringen, travelt oppteken med fyrst å leggja pastapakkar på plass i butikken før han går på lageret og trillar ut surkålkartongar som skal på plass før julerushet. 

Innimellom ryddar han bort kartongar, og knuser dei i pressa ute på lageret. Han likar, og trivest med rutinearbeidet.

LES OGSÅ: Nett-tv for utviklingshemma 

Rosar næringslivet
– Han gjer ein god jobb, men to timar hos oss er nok, ser me. Harald er trøytt når han går heim, etter vel utført jobb, fortel butikksjefen.

Lærar Kari Sortland Vaula på si side rosar matvarebutikken for å gje han arbeid der.

– Dei er positive. Det er forresten næringslivet elles også. Me har kvart år fleire elevar ved ungdomsskulen som av ulike årsaker har trong for ein tilrettelagt skuledag. Ved skulen opplever me næringslivet som positive, og innstilte på å ta mot elevar frå oss når me tek kontakt om dette, seier ho.

Rektor ved Bremnes ungdomsskule, Hans Arnevik, stadfester dette.

– Me må berre gje honnør til alle butikkar og bedrifter i nærmiljøet som viser oss velvilje og samarbeider med å gje våre elevar eit anna skuletilbod. Det er eit positivt samspel. For mange kan arbeidstrening gjeva auka motivasjon for å gå på skule. For Harald sin del er dette eit opplegg som gjev han ein meir variert og spennande skulekvardag, noko som er veldig positivt for han, seier rektor Arnevik.