Nett-tv for utviklingshemma
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Artikkelen vart først publisert i Kvinnheringen
TV BRA er eit prosjekt støtta av Ekstrastiftinga, og ein del av Nordnes Verksteder i Bergen. Målet er å skapa spennande arbeidsplassar for personar med utviklingshemming innan journalistikk og tv-produksjon.
Skal få komma til ordet
Her skal målgruppa få komma til ordet og bidra til at personar med utviklingshemming kan få ein større plass i samfunnet i vest. I samband med lanseringa av nettsida www.tvbra.no skal redaksonen på ein liten reportasjetur. Føremålet med turen er tosidig, skriv redaksjonen i ei pressemelding:
– Vi ønskjer at mange skal få bli kjent med TV BRA og kva vi står for, samtidig ønskjer vi å laga reportasjar frå distriktet til nettsida vår. Dette synest vi er ein fin måte å markera at TV BRA skal bli til glede for alle i Hordaland!
LES OGSÅ: Lønsamt å gi funksjonshemma arbeid
Lanseringsfest
Og 17. oktober blir det lanseringsfest hos Kvinnherad Vekstbedrift i Uskedalen. Der blir det open dag, der TV BRA skal presentera nettsida si og filma til ein reportasje. Det blir også underhaldning.
– Kanskje du er ein av dei som TV BRA-redaksjonen ønskjer å intervjua? Uansett kva som skjer håpar vi du kan setja av føremiddagen og bli med på festen, heiter det i pressemeldinga frå tv-kanalen.
LES OGSÅ: Vestlandet er best i verda