Leikanger ligg langt nede på rangeringa av kommunar med flest økonomisk svartelista, og dei med gjeld skuldar minst i landet.  Kva er det med Leikanger?

VG har den siste tida fokusert på nordmenn si inkassogjeld. Den er stor, og den aukar. Hos VG kan du sjå ei oversikt over kva kommunar som har flest innbyggarar som er økonomisk svartelista, og i kva kommunar dei svartelista skuldar mest.

Du skal ikkje trenga å studera lenge på lista før du oppdagar mange kommunar på Vestlandet på topplistene for minst gjeld.

Hornindal i Sogn og Fjordane er kommunen med færrast økonomisk svartelista. Vidare kjem Hyllestad og Vik, også dei i same fylke. Og rett etter det, på ein delt fjerdeplass med Masfjorden, ligg Leikanger kommune. Der er det berre 17 svartelista per 1000 innbyggarar. I ein kommune med rundt 2300 innbyggarar er det altså ikkje snakk om store talet.

Leikanger kommune ligg og heilt øvst på rangeringa av kommunar med minst gjeld per svartelista innbyggar. Dei svartelista i Leikanger skuldar i snitt berre 42640 kroner ifølgje VG si oversikt.

Kva er det eigentleg med Leikanger?

LES OGSÅ: Trong økonomi i januar?

Fylkesmannen
På Saften, kjøpesenteret på Hermansverk i Leikanger, er det ikkje mykje trafikk ein tysdag føremiddag. Folk er på jobb, og dei som stoppar innom Kiwi handlar sine varer og går raskt forbi.

Dei vil ikkje snakka med pressa om gjeld – det er ikkje eit tema i Leikanger.

Høgst uhøgtideleg blir det sagt at innbyggarane i Leikanger er meir pliktoppfyllande. Ein mild latter kjem rett etter det er sagt, så det er nok ikkje det endelege svaret. Men det blir og sagt noko om byråkratar.

Leikanger er fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane. Her sit Fylkesmannen, og mykje av jobbane i kommunen krinsar rundt dette. Byråkratiet – den trygge karriera i staten.

LES OGSÅ: Brukar 260 millionar på Halloween

– Høgare inntekt
Reidun Strand tek seg tid til å synsa litt. Ho let seg ikkje avbilda, men ho snakkar i alle fall med pressa.

Ho fortel fort at ho ikkje har gjeld – både bil, hus og hytte er nedbetalt for lengst. Ho trur ikkje nødvendigvis at Leikanger-folket er meir pliktoppfyllande.

– Men det er mange folk her med høgare inntekt, så dei burde i alle fall ha økonomien i orden.

I 2009 var snittinntekta i Leikanger på 243 890 kroner. Til samanlikning var det i Oslo same år 267 794, og 214 543 kroner i Sogndal, knappe 20 kilometer frå Leikanger. Det er med andre ord ikkje så unormalt høg inntekt i Leikanger – kva er då grunnen?

LES OGSÅ: Bustadkjøp for dummies

JanIngeFardal

Jan Inge Fardal er redaktør i Sogn Avis. Frå kontoret på Hermansverk ser han korleis folket i Leikanger er. – Trauste og trygge, seier han. Foto: Anders Veberg

– Trauste og solide
I andre etasje i Saften ligg redaksjonslokala til Sogn Avis. Der sit redaktøren Jan Inge Fardal med god utsikt over Hermansverk, og god kjennskap til kommunen og folka som bur der. Han var nær ved å kalla innbyggarane på Leikanger keisame, men han trekk det tilbake.

– Dei er trauste, trygge byråkratar. Dei tek ikkje nokon risikoar, seier Fardal.

Sjølv om den låge gjelda er gledeleg, innrømmer Fardal at han nesten skulle ønska han såg Leikanger høgare oppe på lista – at det vart teke større sjansar i kommunen.

– Her er det ikkje eit særleg sprekt næringsliv. Eg ser på Sogndal, som er veldig nærme. Der har det skjedd mykje, Der er mentaliteten og folkeslaget heilt annleis.

LES OGSÅ: – No er vi førebudd på framtida

Kan det vera nynorsken?
Det kan sjå ut til at svaret ligg i yrkestittelen. Det er byråkratane som dominerer Leikanger – eit solid folkeslag som betalar rekningane sine i tide og ikkje tek for store sjansar.

For ein redaksjon som Framtida.no var det eit særtrekk ved kommunane med minst gjeldsslavar som måtte undersøkast litt nærare. Kan det vera noko med nynorsken?

– Tja. Ein får kanskje betre vet av å skriva nynorsk, svarar Jan Inge Fardal først.

– Me er nok berre litt meir trauste og fornuftige her. Det heng ikkje nødvendigvis saman med nynorsken, kanskje heller med fjell og fjord, held han fram.

LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE