Mållaget jublar over ny nynorskklasse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar over ny nynorskklasse

Tidlegare denne månaden gjorde Sunnmøre Mållag stas på ein ny nynorskklasse på Åse skule i Ålesund.

Skulen har ikkje hatt nynorskelevar sidan førre klasse gjekk ut i 2007. Plutseleg har dei 13 nye nynorske fyrsteklassingar. Kva er eigentleg grunnen til det?

LES OGSÅ: – Samanslåingar skvisar nynorsken

– Betre pedagogisk løysning
Rektor Vigdis Rønning fortel at nesten alle foreldra er nynorskbrukarar, og har valt nynorsk av den grunn.

– I tillegg er det nok litt strategisk, fordi me låg an til to store fyrsteklassar med 28 elevar i kvar, og då var det ein ekstra motivasjon å kunne velje nynorsk og få til et atskilleg betre pedagogisk løysning med tre mindre klassar, skriv rektoren i ein epost til Framtida.

Lova seier nemleg at dersom foreldra til ti elevar eller fleire vil ha ei anna målform, har dei rett på ein eigen klasse på barnetrinnet.

 

LES OGSÅ:Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

Hoppande glade målfolk
Terje Kjøde i Sunnmøre Mållag er kjempebegeistra for den nye nynorskklassen. Han meiner at primærgrunnen for å velje at borna skal ha nynorsk må vere språkleg, men skjønar at nokon kan sjå på klassedeling som eit tilleggsgode.

Her får han støtte av Mållagsleiar Marit Aakre Tennø, som meiner at vikarierande motiv for ofte får æra.

– Om klassedeling hadde vore den viktigaste grunnen, hadde det nok vore slik over alt, peikar ho på.

Ålesund er ein by som ligg i randsona, med mange nynorske tilflyttarar. Heile 11 av 18 skular har elevar med nynorsk som hovudmål. To av barneskulane – Stokke og Vik – er reine nynorskskular.

På barnetrinnet er 13,5 prosent av elevane i Ålesund nynorskbrukarar, medan talet søkk til 9,5 prosent på ungdomsskulen. Då byrjar elevar frå Stokke og Vik på Ellingsøy barne- og ungdomsskule, som endra opplæringsmål til bokmål etter ei målavrøysting tidleg på 2000-talet.

Mållaget har teke til orde for at retten til språkdelte klassar bør gjelda òg på ungdomstrinnet.

LES OGSÅ: Vil ha Odda-modellen landet over

Modige foreldre
Mållagsleiaren tykkjer at fleire foreldre burde visst om og nytta seg av retten til å starta nynorskklassar.

– Særleg i dei pressa randssonane rundt Bergen, ser ein at bokmålsforeldre ikkje kvir seg for å krevje det. Eg trur nynorskforeldre i mindre grad vågar å stå i den kampen. Nynorskhat gjer nok at mange kvir seg. At dei vert motarbeidd av skulane og kommunane er ikkje uvanleg, fordi det vert ein ekstrakostnad. Dei har rett på noko skjønnsmidlar, men kor mykje vert fyrst klart etterpå. Difor trur eg det er litt mot i desse Åse-foreldra, rosar Aakre Tennø.