USA og Kina sine statsleiarar tok kvarandre i handa og lova å kutta kraftig i sine utslepp førre veke. Den blir kalla historisk og eit gjennombrot, men og lite ambisiøs.

Faktaboks

Kina og USA vart einige om ein klimaavtale i førre veke som krevjer mykje frå begge partar.

Kina lova å hindra at utsleppa auka meir innan 2030.

For å nå det målet går Kina over til mykje fornybar energi – det skal stå for 20 prosent av den totale energibruken innan 2030.

USA lova å sleppa ut 26-28 prosent mindre karbon i 2025 enn i 2005. Med det doblar dei reduseringsmålet som tidlegare vart sett.

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei to landa som til saman står for 42 prosent av utsleppaav klimagassar i verda – USA og Kina – møttest tidlegare denne veka for å skriva under på sitt nye klimaløfte.

Ifølgje New York Timeshar avtalen blitt utarbeidd i stillheit over lengre tid, og kan vera eit viktig steg på vegen til ein ny global klimaavtale til neste år.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

Dette er avtalen
Dei to gigantane har skrive under på ein omfattande avtale, som krevjer mykje frå begge partar. Her er hovudpunkta som president Barack Obama frå USA og president Xi Jinping frå Kina vart einige om:

For første gong lova Kina å hindra at utsleppa deira auka meir innan 2030.

Kina vil nytta fornybar energi som vindkraft og solkraft for å nå dette målet. Innan 2030 skal dette stå for 20 prosent av energibehovet til Kina.

USA lova å sleppa ut 26-28 prosent mindre karbon i 2025 enn i 2005. Med det doblar dei reduseringsmålet som tidlegare vart sett.

LES OGSÅ: Slik skal me nå lågutslepssamfunnet

Eit gjennombrot
Svend Søyland, seniorrådgjevar for internasjonale spørsmål hos Bellona, meiner det er viktig at desse to gigantane har blitt samde om korleis dei skal gå fram. Han seier den felles målestokken for korleis ein reknar og oppnår utsleppsmål på betyr mykje.

– Før insisterte kinesarane på at deira utslepp skulle samanliknast med den økonomiske veksten framfor absolutte reduksjonar i millionar tonn CO2. Dei er og langt på veg einige om korleis utsleppa skal målast, reviderast og ikkje minst etterprøvast. Det åleine er eit viktig gjennombrot, seier Søyland.

Arild Hemstad, leiar i Framtiden i Våre Hender, trur og avtalen er eit viktig steg.

– Det er fyrste gong Kina gir ein frist for når dei skal få utsleppa til å gå nedover, det er bra. Det er og fint at dei to største utsleppslanda blir einige om ein slik avtale. Det er heilt avgjerande at dei startar jobben med å kutta utsleppa om verda skal unngå farlege klimaendrinar, seier Hemstad.

LES OGSÅ: Er whisky framtidas drivstoff?

Ikkje spesielt ambisiøst
Både Søyland og Hemstad er einige om ein ting – både Kina og USA kunne sikta høgare.

– Utsleppsstopp innan 2030 stemmer dårleg med anslaga som tyder på at Kina kan få fallande utslepp allereie frå 2015-20, seier Svend Søyland. Det gjer at målet ikkje virkar spesielt ambisiøst, legg han til.

Hemstad frå Framtiden i Våre Hender har trua på at meir konkrete mål vil komma seinare, i samband med dei internasjonale klimaforhandlingane i Paris til neste år.

– Avtalen er ikkje konkret nok til at dei kan stillast til ansvar for måla, og måla er og for svake til at me skal unngå meir enn to grader oppvarming.

Hemstad er likevel optimist. Han trur utsleppa kan kuttast raskare, både grunna marknaden og ein betre politikk frå både USA og Kina framover.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist

Politisk motstand
Om politikken skal meir retta mot utsleppskutt i tida som kjem, må Republikanarane i USA overtalast. No sit dei med fleirtal både i senatet og kongressen, og Obama, ein demokrat, må difor gå rundt desse for å få gjennom mykje av politikken sin.

Det kan bli vanskeleg – Obama har allereie møtt motstand frå representantar frå Republikanarane – dei kallar løfta om utsleppskutt ein «krig mot kol».

– Det er ikkje overraskande, også her heime er det endå sterkt press om å halda fram med koldrifta på Svalbard eller oljeleitinga i Nordområda. Verda står framfor ei enorm omstilling, og det vil måtte skje til stor motstand frå dei som tener på olje, kol og gass, seier Arild Hemstad om motstanden frå Republikanarane.

Svend Søyland meiner endringa i den amerikanske politikken er uunngåeleg – mykje fordi kolkraftverka rett og slett ikkje er like lønsame lenger.

– Sjølv utan nye og strammare reglar for utslepp på kolkraftverk blir det ikkje bygd heilt nye anlegg no. Veksten i arbeidsplassar i den grøne økonomien er betydeleg større enn det som forsvinn frå kolgruver og kraftverk, seier Søyland.

Han meiner republikanarane må verta meir ansvarlege, no når dei har kontroll på både senatet og kongressen.

– Den jamne amerikanar har aldri tidlegare hatt så djup mistillit til politikarane på Capitol Hill, meiner Søyland.

LES OGSÅ: – Fornybart er ikkje berre reinliva

Trur på Kina
Nyleg hadde Framtiden i Våre Hender besøk frå Kina. Der vart kinesarane si rolle i det grøne skiftet diskutert.

– Det var interessant. Dei har ei sterk eigeninteresse av i å kutta utslepp, men dei har også store planar om å halda fram med vekstpolitikken i mange år, sjølv om ei slik vekst vil vera basert på kol og fossile utslepp.

Hemstad fortel at hans møte med representantane frå Kina gjorde han optimistisk.

– Kina kan ikkje lata vera å ta omsyn til klimaet, det i seg sjølv vil råka dei hardt. Dei har og ein så stor del av utsleppa at resten av verda vil sjå til Kina og kva dei gjer.

LES OGSÅ: Utan Kina, inga klimaløysing

Framtida.no ser nærare på Det grøne skiftet – korleis skal me leva på grøn energi?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE