Rammer for betre utdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Under utdanning.

I mars 2013 kom det ei forskrift om ein ny rammeplan for lektorutdanningane frå Kunnskapsdepartementet og allereie same haust implementerte Norges Teknisk-naturvitenskaplige Universitet (NTNU) i Trondheim den nye rammeplanen for det nye kullet med lektorstudentar.

Eitt år seinare har Under Utdanning snakka med leiaren i forvaltningsutvalget for lektorutdanningene (FUL) ved NTNU, John Brumo, for å høyre korleis dette har gått.

LES OGSÅ: Ungdomskulelærarar slit med å motivera elevane

NTNU har vore den fyrste institusjonen til å implementere den nye rammeplanen. Korleis har det vore å vere prøvekanin?

– Eg vil ikkje seie at me har vore prøvekanin. Eg tenkjer slik at rammeplanen er ei klar betring av lektorutdanninga fordi den spreier profesjonsfaget utover fleire semester, studentane for oppleve tidlegare korleis det er å vere i skulen, meir praksis og læringsutbyttet er tydlegare definert. Og det tykkjer eg er bra. NTNU hadde eit val om å innføre den nye rammeplanen no eller seinare, og tidlegare rektor ved NTNU var modig då han stod ovanfor valet. «Dersom det er ei betre utdanning enn den som er no, så skal me ha den med ein gong.» Det er eg nøgd med og eg trur ikkje at me hadde kome så mykje lenger dersom me hadde venta eitt år. No skal me lage ei enno betre utdanning enn før.

LES OGSÅ: Innfører femårig lærarutdanning på masternivå

Samanhengen
Det er viktig å setje den nye rammeplanen for lektorutdanningane inn i ein samanheng. Allmennlærarutdanninga vart reformert og det fyrste kullet på den nye grunnskulelærarutdanninga starta i 2010.

Målet med den nye utdanninga var at studentane skulle ha meir fagleg tyngde og den skulle vere spissa inn mot ulike alderstrinn i skulen.

Då dette hadde blitt gjort gjekk ein vidare til det neste steget, nemleg å lage nye rammeplanar for barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning, yrkesfaglærarutdanning og lektorutdanningane.

Lærarutdanningane skulle verte meir like og det skulle verte ein samanheng i norsk lærarutdanning. Denne samordninga av lærarutdanningane tykkjer Brumo er eit sunnheitsteikn.

LES OGSÅ: – Eg fekk ein «lærarane er ikkje bra nok»-kjensle

Praksis versus fagleg kvalitet
I den nye rammeplanen er det ei auke i tal på praksisdagar frå 70 til 100. Det er det same som ein har på grunnskulelærarutdanninga.

Det auka talet på praksisdagar har vore diskutert i fleire av linjeforeiningane på NTNU, mellom anna linjeforeininga for lektor i realfag, Spanskrøret. Dei har vore skeptiske til auka i praksis, sidan det kan gå utover den faglege kvaliteten på utdanninga.

Brumo seier at praksisen skal vere lik for alle lektorlinjene, men at det kan vere tøffare for lektor i realfag med den nye rammeplanen.

– Det som er spesielt med lektor i realfag er at det er fleire obligatoriske øvingar og labforsøk i disiplinemna enn i til dømes i humaniora og samfunnsfag, så det kan verte tøffare for dei linjene med auka i praksis. Den generelle utfordringa med den nye rammeplanen er at det er auka praksis og fleire oppgåver inn i eit studium som ikkje skal verte lenger. Det er problemet. Me er alle saman for meir praksis, det har studentane òg etterlyst, men det me har gjort er å finne smarte løysingar som gjer at det er mogleg å kombinere god fagleg kvalitet med meir praksis. Me vil ikkje gå på kompromiss med den faglege kvaliteten og me må prøve å utvikle eit best mogleg studium, seier Brumo.

LES OGSÅ:Lærarløftet: Slik skal elevane læra meir

Vanskeleg med innpass
NTNU har enno ikkje noko oversikt over kor mykje fråfall det er på dei som er tatt opp på den nye læreplanen kontra dei som går på den gamle rammeplanen, men at fråfallet er for høgt er Brumo klar over.

– Det er for høgt fråfall på lektorstudiet, nesten på nivå med grunnskulelærarutdanninga. Men eit visst fråfall er ikkje unaturleg. Det er ikkje alle som skal gjennomføre og det er ikkje alle som skal verte lærarar. Studentar kjem inn på lektorstudiet på NTNU med svært gode karakterar,nesten 5 i snitt, men når dei går på den utdanninga vert dei målt etter andre kriterier enn berre fagleg dugleik. Studentane skal ha relasjonar til elevar, dei skal kunne stå føre ei klasse og undervise og ha mykje merksemd retta mot seg, og det er det ikkje alle som taklar like godt. Det er ikkje 100 prosent som skal gjennomføre, men eg tykkjer at det burde ha vore fleire som kunne ha gjennomført.

På den gamle rammeplanen for lektorutdanningane var det enklare å få innpass på vanleg bachelor og master, og vice verca. Er den nye rammeplanen eit steg mot meir profesjonsretta lektorutdanning?

– Med den nye rammeplanen er det vanskelegare å få innpass sidan profesjonsfaget har fått større plass og er fordelt utover fire av fem studieår. I den gamle rammeplanen var praksisen samla i femte og åttande semester, noko som gjorde det enklare å skifte både frå og til lektorstudiet. Det er eit teikn på kvalitet at ein ikkje kan hoppe inn når som helst i studiet. Ein kan ikkje berre hoppe inn på legestudiet heller.

LES OGSÅ: Paradise Hotel meir populært enn lærarstudiar

Bacheloroppgåve
I forskrifta til den nye rammeplanen står det at det skal vere ei bacheloroppgåve eller ei fordjupingsoppgåve. Korleis vert dette på NTNU?

– Ei bacheloroppgåve er jo eigentleg ei oppgåve som avsluttar ei grad og som skal lette overgangen til mastergrada, for å gjere denne overgangen lettare. Det er allereie ei fordjupingsoppgåve på lektorutdanninga i samfunnsfag, og det er under arbeid å få til ei innan språk og historie òg, så det kjem til å kome. All skrivetrening er bra, men eg trur ikkje at ei bacheloroppgåve eller fordjupingsoppgåve er det viktigaste som skal til for å auke kvaliteten på studiet. Alle skal jo også skrive ei masteroppgåve på slutten av studiet. Det er andre ting som er viktigare å prioritere og det er å sørgje for at me har høg fagleg kvalitet og at praksisen er god. Det er det som er dei to viktigaste komponentane i lektorstudiet, avsluttar Brumo.