– Eg fekk ei «lærarane er ikkje bra nok»-kjensle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje bra nok lærarar?

Saka vart først publisert hos Nærnett

Tysdag la statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram sin plan for å heve kunnskapsnivået i skulen.

– Vi må skjerpe kompetansekravet for undervisning i matematikk, engelsk og norsk, sa Røe Isaksen under pressekonferansen.

Les meir om Lærarløftet her!

Byrjar i feil ende
Eit av tiltaka er å krevje karakteren 4 i matematikk for å kome inn på lærerutdanninga. Det er òg mogleg dette blir utvida til å gjelde norsk og engelsk.

– Tanken om å gjere det meir attraktivt å vere lærar er bra, men dei byrjar i feil ende, meiner Anders Nybakk.

Studiekamerat Remi Vattøy er einig.

– Du gjer det ikkje meir attraktivt ved å krevje ein firar.

LES OGSÅ: – Lærlingar er ei investering for framtida

Lønn ein viktig faktor
Lærarutdanninga skal òg utvidast til å bli ei masterutdanning. Studentane meiner denne kompetanseauking er bra, men spør seg korleis det skal lønnast.

– Kva skal dei gjere med alle desse masterstudentane, dei må jo få lønn, seier Esben Gjesteland Tipple.

Norevik meiner dei områda det skal satsast på ikkje er nok, og meiner det er andre faktorar som og spelar inn for ein god skule.

– Eg fekk ein «lærarane er ikkje bra nok»-følelse. Det vart ikkje sagt noko om klassemiljø, klassestorleik og liknande, seier ho

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

Tyngde i faget
I den nye planen er det og bestemt at ein må ha 30 studiepoeng i matte, engelsk og norsk for å undervise i dei faga på barneskulen og 60 poeng for å undervise i faga på ungdomsskulen.

– Tyngde i faget er viktig, seier Norevik, og får annerkjenande nikk frå dei andre. Samtidig ser Norevik at det kan bli problematisk for små skular.

LES OGSÅ: Uroa over lærarmangel